Dette er kretsen sine scenario for seriestart i fotball

Om ikkje treningane for seniorfotballen får begynne før midten av mai, blir det truleg ein amputert sesong for på Sunnmøre.

Sunnmøre Fotballkrets har laga fleire scenario for seriestart i seniorfotballen.  Foto: Ørn E. Borgen / NTB scanpix

Lokal sport

Seniorlaga skal ha minst fire veker med normal trening før seriestart, har styret i Sunnmøre Fotballkrets vedteke tidlegare. I minst to av dei vekene skal det vere mogleg å spele treningskampar.