Jonas Kvalen ferdig i Tyrkia – har flytta til nytt land og klubb

Jonas Kvalen er ferdig i Tyrkia. Koronaviruset prega klubben og sesongen, men no har voldingen valt å satse i eit nytt land før EM-kvalifiseringa med landslaget.

Ny klubb: Jonas Kvalen frå Volda har tidlegare spelt for Greenyard Maaseik (som på bildet). No er han ferdig i Tyrkia og Tokat, og har flytta til Dei sameinte arabiske emirata og klubben Al Ain  Foto: CEV.eu

Lokal sport

Etter ein skuffande sesong i tyrkiske Tokat, der klubben enda på ein 10.-plass og blei prega av smitte av koronavirus og utsette kampar, har Jonas Kvalen frå Volda flytta til Dei sameinte arabiske emirata og klubben Al Ain.