Gjenopningsplanen til regjeringa gir håp for breiddefotballen

Regjeringa sin gjenopningsplan gjer det klart at smittetala skal vere viktige for å bestemme om når idretten kan opnast, men fotballkretsen på Sunnmøre stussar over at det igjen er uklart om opning av idrett på tvers av kommunegrensene.

Fornuftig: At gjenopningsplanen for breiddeidretten og samfunnet ikkje er basert på datoar men smittetal er fornuftig, meiner Eirik Hoseth i AaFK Fortuna.  Foto: Nils Harald Ånstad

Lokal sport

Neste veke skal regjeringa vurdere om deler av den nasjonale innstramminga som kom før påske skal reverserast, og gå over i første trinn i gjenopningsplanen. Likevel er ikkje gjenopningsplanen fastsett i datoar. Smittesituasjon, kapasitet i helsetenesta og vaksinasjon skal vere avgjerande for opninga av samfunnet.