Gjenopnar fotballbane etter lang dragkamp med kommunen

11ar-bana på Valdervoll har vore stengt sidan august i fjor, men kan bli opna om kort tid, seier leiaren i IL Valder. Det kjem etter at idrettsklubben på eiget initiativ har starta arbeidet med å sikre fjellet ved bana.

Opning: Roar Jønsson i IL Valder fortel at Valdervoll si 11ar-bane kan bli opna for aktivitet igjen om kort tid.  Foto: Nils Harald Ånstad

Lokal sport

Kunstgrasbana og friidrettsbana på Valdervoll har vore stengt for aktivitet sidan august i fjor, på grunn av fare for steinsprang. Saka har opphav tilbake til september 2018 då det kom steinsprang frå fjellet under ei fotballturnering.