18-åringen var for aleine på friidrettsbanen på Stranda og flytta til Trondheim. No jaktar han EM-krav.

Ole Sivert Røyrhus frå Stranda er ein talentfull 800-meterløpar, som starta med friidrett seint, og tok i fjor store steg på favorittdistansen. I helga i Boysen Memorial håper han å senke sin personlege rekord enno ein gang

PERSONLEG REKORD? Ole Siver Røyrhus går får personleg rekord laurdag.   Foto: Svein Halvor Moe

Lokal sport

Mellomdistanseløparen gjekk i fjor frå ein personleg rekord på 1.59,28 til 1.53,91 og var ein av landets beste 17-åringar på 800 meter. Ei årsak til utviklinga var eit klubb- og miljøbytte. Røyrhus har flytta frå Stranda til Trondheim for å kombinere friidrett og vidaregåande skule.