På dette området meiner Hødd-trenaren at laget er sterkare i år

Hødd-trenar Kevin Knappen meiner at ein av skilnadane frå Hødd i år sammenligna med fjoråret er at laget no har fleire som kan kome inn og endre eit kampbilde frå benken.
Lokal sport

I pausen under førre kamp, borte mot Vålerenga 2, gjorde Hødd-trenaren to bytter, dei rutinerte spelarane Robin Hjelmeseth og Sverre Økland gjekk ut. Inn kom Håkon Leine og Bendik Engen. Det gjorde at Hødd snudde frå å ligge under 1–0 til å vinne 3–1. Det er dette Hødd-trenaren meiner er skilnaden på Hødd i år kontra fjoråret.