Sunnmøring teken ut på sykkellandslaget – får sykle storritt på lag med Kristoff

André Drege får i august oppleve sitt største høgdepunkt i karrieren hittil. Då skal han sykle Arctic Race of Norway saman med tre av Norge sine største sykkelstjerner.

LANDSLAGET: André Drege (foran) får ein unik sjanse til å vise seg fram i Arctic Race of Norway når han syklar på lag med sjølvaste Alexander Kristoff.  Foto: Pål Westgaard

Lokal sport

Ettersom Alexander Kristoff og Sven Erik Bystrøm sitt lag UAE ikkje deltek i det norske rittet, skal dei stille som ein del av det norske landslaget. Det same gjeld Andreas Leknessund, som skal delta i OL.