Herøy-spelarar dominerer den norske troppen

Herøy Biljardklubb sender fire ungdommar til EM-junior i biljard. Ingen norske klubbar har fleire utøvarar med.

TIL EM: Henrik Hauge Pettersen (som spelar), Victoria Hauge Pettersen (t.v.), Robin Hauge Pettersen (i midten), Jonas Kvalsund Hansen (t.h. ) skal alle spele EM i Slovenia. Henrik anslår at han trenar fire til fem timar kvar dag.  Foto: Odd-Sølve I. Grannes

Lokal sport

– Vi har gode genar og eit godt miljø, det er mange som liker biljard her. Det er også mange i klubben som spelt mykje før og hjelper oss, forklarar Henrik Hauge Pettersen (18), som grunn til at klubben og familien Haugen Pettersen lykkes så godt.