Volda nær cupbombe – heldt eliteserielag til ekstraomgangar: – Blir heilt sluttkøyrte

3. divisjonslaget Volda leia 2–0 over nummer tre i eliteserien, Kristiansund, men tapte til slutt 2–4 i ekstraomgangar i første runde av cupen.

TAPTE: Kaptein Rasmus Aarflot forsøk å forsvare eige mål.  Foto: Idar Arne Kristiansen

Lokal sport

– Eg synest vi er veldige gode i 60 minutt. Vi har 2–0 og moglegheiter til å gå opp til 3-0, blant anna med ei i kryss-stanga. Så blir vi heilt sluttkøyrte. Vi har ikkje spelt fotball på 21 månadar. Vi er veldig skuffa, men samstundes er eg veldig stolt av gjengen.