Spelar send til sjukehus

Ein av spelarane på Eidsvold TF vart sendt til sjukehus etter å ha kollapsa mot slutten av andreomgang på Høddvoll.

Frå direktesendinga frå kampen mellom Hødd og Eidsvold TF.  

Lokal sport

Vikebladet Vestposten: Midt i eit Høddangrep fekk spelar nummer nitten på bortelaget, Erik Ruud, problem og la seg ned på bana like utanfor eigen sekstenmeter. Direktesendinga frå kampen viser ikkje at han var i nokon hard fysisk duell før han kollapsa.