Volda har spelt uavgjort i tre av fire kampar denne sesongen: –Ganske uvanleg

Volda har spelt uavgjort flest gongar i divisjonen denne sesongen. No møter dei tabelljumboen.

Tabelljumbo: Volda og Iulia Andriichuk (biletet) spelar søndag mot tabelljumbo Randesund.  Foto: Marius Simensen

Lokal sport

Om ein ser vekk ifrå Volda sine kampar, så har det berre vore to uavgjortkampar i 1. divisjon handball denne sesongen. Men Volda har spelt uavgjort heile tre gongar i serieinnleiinga, på berre fire kampar.