Hødd råka av sjukdom: – Håpar å ha folk på plass

Den siste veka har det vore seks-sju spelarar ute med sjukdom i Hødd-laget, det gjer at Hødd-trenar Kevin Knappen er usikker på kven han har med seg i kampen mot Vålerenga2.
Lokal sport

– Det vert nok ein viktig kamp, vi må gjere det vi vanlegvis har gjort, for det har vore bra. Vi veit ikkje kva vi møter, for Vålerenga2 har brukt enormt med spelarar denne sesongen. Om det kjem eit ungt mannskap eller eit mannskap med ein del påfyll frå A-stallen, uansett må vi vere skjerpa. Vi skal vere på frå start, seier Knappen til Sunnmørsposten.