– Vi har vore førebudde på at dette kunne skje

Vinteren har kome til Ulsteinvik, men Hødd sin daglege leiar trur ikkje det skaper problem før Hødd sin kvalifiseringskamp mot Stjørdals-Blink.

Snø: Eit par dagar før Hødd sin kvalifiseringskamp mot Stjørdals-Blink er det vinterlege tilhøve på Høddvoll, men klubben sin daglege leiar er ikkje bekymra for banen før den viktige kampen.   Foto: Vikebladet Vestposten

Lokal sport

(Vikebladet Vestposten:) Etter at Hødd vann kvalifiseringa mot Arendal 4–3 samanlagt er det onsdag klart for første kamp i playoff mot Stjørdals-Blink. Vinnaren etter to kampar får plass i neste års 1.-divisjon.