Veteran VM-gull til Skrivervik

Gudmund Skrivervik (80) frå Stryn tok nyleg gull i spyd under VM for veteranar i Australia.
Lokal sport

Den spreke 80-åringen kasta i konkurranse med rundt 12 andre deltakarar i klassa 80-84 år. Skrivervik gjekk vidare til finalerunden etter tre innleiande kast. Der drog han til og sigra etter eit kast på 32,39 meter, heile tre meter føre nestemann på pallen. — På sett og vis vart eg vel overraska. Men eg har trena styrke i heile vinter og såleis var det vel ikkje overraskande at eg tok gull, seier Skrivervik på telefon frå Australia. 80-åringen fortel at dette også var fyrste gongen han kasta med eit 400 grams spyd. — Det var eit bra resultat, og eg er godt nøgd med kastet. Skrivervik tok også del i kule, men var etter eiga meining ikkje like heldig der. Med lengste støt på 9.97 meter sikra han seg til slutt ein fjerdeplass. — Eg burde ha kasta lenger og er misnøgd over at eg ikkje kom over 10-talet, seier mangekjemparen som også skal i elden med høgdehopp laurdag. Henning Kristiansen frå Valder sprang også inn til ein 4. plass på 800 meter i klassa 55-59 år under VM for veteranar i Australia. I konkurranse med 55 løparar vart Kristiansen klokka inn på tida 2.14.30. VM for veteranar vert avslutta komande laurdag.