3. div. fotball

Lokal sport

HAREID_BERGSØY 1-0 (0-0) Hareid stadion - 100 tilskodarar. Mål: 1-0 Remi Helleseth (80). Dommar: Oddbjørn Hatlehol, Brattvåg - 5. Gult kort: Karl Vike, Bergsøy. Spelarpoeng: 3 Remi Helleseth, Hareid, 2 Geir Sandnes, Bergsøy, 1 Hallvar Møller, Hareid. KOMMENTAREN: _ Bergsøy var minst like gode som oss i 75. minutt, men såg ut til å ha gått tom etter dette. Det var altså ingen overlegen kamp av oss, og vi var litt heldige som fekk seiersmålet mot slutten. (Hareid-trenar Knut Ertesvåg). _ Vi skapte meir sjansar enn Hareid, men greidde ikkje å utnytte dei. Mot slutten hadde Hareid overtaket, og fekk med seg tre poeng. Eg hadde i det lengste håpa på eit poeng, og det er sjølvsagt skuffande å reise heim utan (Bergsøy-trenar Jørn Magnusen). KAMPEN: Første omgang var veldig tam, og begge lag hadde vanskeleg for å skape større sjansar. Det var ikkje løyst skot på mål då Bjørge Worren hadde kampens første sjanse, etter 20 minutt, men ballen gjekk utanfor etter eit langskot. Gjestane var ikkje mykje farlegare. Der hadde Frank Skorpen omgangens største mogelegheit då han glei i skotforsøket frå berre ti meters hald. Omgangen var svært sjansefattig, men heimelaget hadde likevel eit ørlite overtak. Bergsøy starta andre omgang mykje betre, og kom raskt til fleire sjansar. Roy Igesund kom nærast med ei heading like utanfor, frå kloss hold. Bortelaget følgde opp med fleire sjansar, utan utteljing. I det siste kvarteret av kampen såg det ut til at Bergsøy-spelarane begynte å bli slitne. Hareid utnytta dette maksimalt, og skapte i denne perioda sjansar på rekke og rad. Først blei Worren spelt fri igjennom, men Martin Løseth i Bergsøy-målet snappa ballen framfor føtene hans. Like etter skåra Remi Helleseth etter mykje klabb og babb framfor mål. Sistnemnde hadde ein stor del av æra for seieren, etter ein heroisk innsats på topp, der han var eit faremoment sjølv i dødperiodar for heimelaget. I sluttminutta skaffa han til og med Hareid eit svært tvilsomt straffespark. Men Kenneth Moldskred missa Hareid sitt andre skot frå 11-metersmerket på to kampar. Kampen var svært jamnspelt og kunne ha bikka begge vegar, men laget med mest krefter mot slutten sikra seg alle tre poenga. Sindre Grønmyr Rise ØRSTA_VIGRA 4-1 (1-0) Ørsta stadion - 101 tilskodarar. Mål: 1-0 Kjell Frode Ervik (8) , 1-1 Thomas Solberg (52), 2-1 Asle Myrold (66), 3-1 Myrold (73), 4-1 Anders Liadal (79). Dommar: Alf Furland, Rollon -7. Gult kort: John H. Rørvik, Anders Veddegjerde og Arild Olsen, Vigra. Spelarpoeng: 3 Asle Myrold, 2 Ole Christian Fet, 1 Torstein Woldsund, alle Ørsta. KOMMENTAREN: _ Ørsta er det beste laget vi har møtt i år. Vi hadde eit håp på 1-1, men det gjekk ikkje. (Vigra-målmann Roar Rørvik) _ Vi var litt utlada før kampen og spelte ein utruleg dårleg førsteomgang. I pausen bestemte vi oss for å jobbe. Det greidde vi og vann på ein dårleg dag. (Pål Arne Aam, høgreving på Ørsta med hovmeisterblikk). KAMPEN: Oppgjeret mellom Ørsta og Vigra gjekk på ei tung grasbane, som såg ut til å tappe spelarane for krefter tidleg i kampen. Heimelaget kvikna ikkje til før om lag timen var spelt, men då køyrde dei til gjengjeld over Vigra. Ørsta var frampå allereie etter tre minutt, men skotet til Anders Liadal gjekk like utanfor. Fem minutt etter kom leiarmålet til heimelaget. Med litt hjelp frå Vigra-målmann Roar Rørvik skrudde Kjell Frode Ervik ein corner rett i mål. Før første halvtimen var omme hadde heimelaget fire nye sjansar. Asle Myrold, Myrold igjen, Pål Arne Aam og Atle Driveklepp hadde gode moglegheiter til å auke leiinga, men greidde det ikkje. Sju minutt ut i andre omgang utlikna Thomas Solberg for gjestane. Ørsta miste ballen på midtbana, og Solberg stakk gjennom og overlista Knut Egil Aarseth i Ørsta-buret. Då timen var spelt bytte Ørsta ut Kjetil Kolås og sette inn Sindre Winjevoll. Om det var dette som snudde kampen er ikkje godt å seie, men ørstingane var ikkje til å kjenne att. Anders Liadal tok fullstendig over kommandoen på midtbana, medan Pål Arne Aam og Asle Myrold herja vilt med Vigra-forsvaret. I det 66. minutt sette Myrold ballen roleg i det lengste hjørnet bak Roar Rørvik. Dette var den fjerde sjansen til vertane på berre to minutt. Sju minutt etter putta Myrold sitt andre for dagen. Pål Arne Aam køyrde ball-i-hatt med Vigra på høgrevingen, og på det andre skotet til Myrold gjekk ballen inn. Elleve minutt før slutt kom Aam nok ein gong gjennom på høgresida. Han lyfte blikket og nærast la ballen på hovudet til Anders Liadal, som fastsette sluttresultatet til 4-1. Ørsta hadde fleire sjansar på slutten, medan Vigra knapt kom til ei einaste avslutning heile kampen gjennom, utanom på skåringa. Til det var heimelaget sitt forsvar altfor solide og saknet av Henning Nygård såg ikkje ut til å vere stort. Petter Klock Sandnes ÅRAM/VAN KAM_HA/NO 5_1 (2_1) Åram Stadion grus - 30 tilskodarar. Mål: 0_1 Frank Gjerde (29), 1_1 Ole Per Kragset (30), 2_1 Odd Steinar Husevåg (33), 3_1 Ole Per Kragset (60), 4_1 Odd Steinar Husevåg (75), 5_1 Ole Per Kragset (87) Dommar: Jan Lund, Blindheim IL - 6. Gult kort: John Sindre Kragset, Ole Per Kragset, Ole Petter Gjerde og Halvard Larsen, alle ÅVK. Spelarpoeng: 3 Odd Steinar Husevåg, 2 Vegard Vik, 1 Ole Per Kragset. KOMMENTAREN: _ Vi slepp inn mykje mål og skårar få, ein kan ikkje vinne fotballkampar på det. (HaNo-spelar Tore Fjørtoft) _ Alt fungerte i dag. (ÅVK-trenar Oddvin Kragset). KAMPEN: ÅVK var tydelig gira på å ta sin fyrste siger i 3. divisjon i år, og berre etter få minutt fyrte Lars Arild Skåre av eit kanonskot som dessverre ikkje gjekk inn. HaNo var ikkje ufarlege, men ÅVKs veteran-keeper Ivar Krokvik redda mesterleg kvar gong nokon prøvde seg. Men i det 39. minutt måtte han gi tapt for Frank Gjerde som sette ballen i nota. HaNo hadde så vidt kommet seg over på rett side før ÅVK kom i angrep, og Ole Per Kragset sendte av eit kanonskot som gjegkk inn bak HaNo-keeper Vidar Nogva. ÅVK hadde fått blod på tann og få minutt etter headar Odd Steinar Husevåg over ein Vidar Nogva på halvdistanse. Ole Per Kragset sette nok ein gong ballen i nota, 15 minutt ut i 2. omgang, denne gongen utan hjelp frå HaNo-forsvaret. Lars Arild Skåre banka atter ein gong ballen i tverliggaren, denne imponerande 17-åringen var mykje med i spelet til heimelaget saman med jamnaldringen Ole Petter Gjerde. ÅVK fekk eit totalt overtak på HaNo utover i omgangen og i det 75. minutt punkterte Odd Steinar Husevåg kampen då han kom på eit kjempeflott løp og spelte seg fri og forbi alle hindringar, inkludert keeper. Ole Per Kragset fastsette sluttresultatet til 5_1 etter eit flott løp med eit minst like flott innlegg av Odd Steinar Husevåg. Den driblesterke veteranen gjorde ingen feil då han scora det siste målet på Åram-grusen laurdag. Andrè Kragset