Bystyret i Ålesund er blitt orientert av ordførar Eva Vinje Aurdal om kommunen sin strategi for eit godt førebyggande arbeid mot mobbing, men som også inneber omfattande tiltak som skal setjast inn når mobbing oppstår. Underskrivne er ikkje kjent med kva denne strategien inneber, men ynskjer likevel å kommentere delar av orienteringa som vart gitt i bystyret.

Ordføraren viser til at kommunen er i ferd med å etablere samarbeid med forskingsinstitusjonar og fagmiljø for å styrkje arbeidet på dette feltet. I den samanheng blir «Trygg Læring» og «konfliktrådet» nemnt. Konfliktrådet vil vere kjent for dei fleste, og ingen skal dra i tvil den kompetansen på konflikthandtering som ligg til denne institusjonen. Til orientering var konfliktrådet i Oslo ein viktig initiativtakar til «skulemeklingsprogrammet» som kring århundreskiftet vart etablert som eit nasjonalt program i grunnskule og vidaregåande opplæring.

Sjølv var eg ein av dei heldige som fekk representere Møre og Romsdal i den nasjonale skoleringa av ressurspersonar. I tett samarbeid med konfliktrådet i Ålesund vart det gjennomført omfattande skulering på skulane kringom i fylket. I den samanheng vart det presisert at det er ein klar skilnad på handteringa av konflikt og mobbing. Den same presiseringa er gjort frå «Trygg Læring» si side.

«Trygg Læring» er ein forholdsvis nyetablert nasjonal, ideell organisasjon for opplæring/kursing, men kanskje mest kjent som eit haldningsskapande tiltak i mange skular som skal styrkje elevane sin dugleik i konflikthandtering, kommunikasjon og empati, tidlegare kjent som «skulemekling». «Trygg Læring» presiserer at det ikkje skal meklast i mobbesaker ettersom mobbing er eit overgrep og ikkje ein konflikt.

Det må presiserast at ingen av desse omtala institusjonane er forskingsinstitusjonar, sjølv om konfliktrådet set med høg kompetanse på konflikthandtering, og at «Trygg Læring» har høve til å knytte til seg kompetanse alt etter behov. «Trygg Læring» har i det siste orientert seg inn mot mobbing, og køyrer her sitt eige løp, fordi dei meiner det er for seint å sette inn tiltak når mobbing allereie er eit faktum, skriver dei på sine nettsider. Ei slik haldning vil kunne få katastrofale følgjer for dei barna, som på tross av gode førebyggjande tiltak i skulen, likevel opplever å bli mobba.

Når det er sagt, er det likevel rosverdig at Ålesund kommune etablerer kontakt med institusjonar med kompetanse på konflikthandtering. Sjølv var eg også med i den nasjonale skoleringa på førebygging og handtering av mobbing i skulen. Forsking viser at i miljø der omfanget av konfliktar er større enn forventa, vil også omfanget av mobbing tilta. Førebyggande arbeid inn mot mobbing og konflikthandtering har nokre felleskomponentar som t.d. styrking av elevane og dei vaksne sin kompetanse og evne til kommunikasjon, relasjonsbygging og empati.

Det som blir særdeles viktig er at mobbeepisodar ikkje blir møtt med tiltak som om det var konfliktar. Vi ser dessverre at dette skjer i Ålesund som i andre kommunar, noko som lett øydelegg samarbeidet mellom heim og skule. Mest alvorleg er det sjølvsagt når nødvendige tiltak uteblir eller ikkje fungerer etter sin hensikt.

Fylkesmannen sitt antimobbeprosjekt er retta direkte inn mot mobbing, der førebygging og tiltak blir ein del av skoleringa. Det vil sjølvsagt vere ein styrkje om kommunen i tillegg kan ta tak i korleis elevar og vaksne skal handtere konfliktar, då dette indirekte vil kunne gje ein gevinst i arbeidet mot mobbing i skulen.