Heile kommunekartet er i endring, og behovet for informasjon er svært stort. Regjeringa vil  flytte makt og ansvar til  «større og meir robuste kommunar», og difor er kommunesamanslåing eit sentralt tema i reforma.

Før fristen går ut i juni,  må kommunane ta stilling til kven dei eventuelt skal slå seg saman med. Kva betyr dette for deg og ditt lokalsamfunn? Kva er fordelane ved  å bli med i ein større kommune? Kva er ulempene? Kvar skal rådhuset ligge? Kan eldre i Sula risikere å bli plasserte på sjukeheim i Skodje – og omvendt? Vil grendeskulane forsvinne?

Med den nye tenesta "Kan du svare?" kan du stille spørsmål direkte til leiinga i din kommune, og i andre enden sit representantar frå kvar kommune - klar til å svare på det du lurer på.

Slik brukar du tenesta:

- Her kan du lese andre sine spørsmål og svar, og sortere desse på kommune.

- Om du har eit spørsmål; klikk på knappen "Still ditt spørsmål her" og fyll ut skjemaet.

- Legg du att e-postadressa di, får du ein e-post når kommuneleiinga har svart på ditt spørsmål.

Les meir om kommunereforma.