For nokre år sidan såg eg eit intervju med ein svensk same som – slik eg hugsar det – var finansmeklar. Han sa at han gjerne skulle ha kledd seg i samisk kufte i offisielle samanhengar. For han var det eit vanleg og godt plagg som han kjende seg heime i.

Problemet var at dersom han gjorde det, så ville det bli sett på som ei politisk markering og ville teke merksemda vekk frå det han sa. Difor såg han seg nøydd til å gå i dress for det vart sett på som «nøytralt».

Klesdrakt, veremåtar og språk fungerer mykje på same måten. Det som skil seg frå majoriteten vert ofte sett på som markeringar av eitt eller anna slag. Det som majoriteten gjer og står for derimot, verkar «naturleg» og «nøytralt». Konservativt bokmål vert i Noreg oppfatta som «nøytralt». Difor er reklamen oftast på konservativt bokmål for ikkje å støyte nokon eller bygge barrierar mellom det dei sel og publikum.

Det er ikkje for ingenting at Haugen bok, som ligg i Volda, sel bøker på stivt bokmål. Om ikkje ville dei truleg ikkje vore den største nettbokhandelen i Noreg. Nynorskfolk veit godt kva for fordommar bokmålsfolk har og prøver difor å unngå konflikt. Ulikt bokmålsfolk flest er nemleg nynorskfolk tospråklege og har ikkje så mange språklege fordommar som bokmåls- og riksmålsfolk.

Eg var for nokre år sidan med å diskutere kva for språk ei brosjyre skulle ha. Vi som kjempa for nynorsk kom snøgt i mindretal. Så stod striden om kva for bokmålsformer ein skulle bruke. «Fremtiden» meinte somme av oss, var eit ord det knirka 1800-tal av og gav signal om at ein slett ikkje satsa på framtida, men på fortida. Eg gjorde ein liten uhøgtideleg gallup. Eg sende ut sms til kjende og spurde dei kva dei meinte det heitte på bokmål – framtida eller fremtiden. Forbløffande mange meinte at det heitte fremtiden og at framtida var nynorsk. Faktum er at begge deler er like mykje bokmål.

Dette er språket i dress. Bruk av a-former smakar av markering og gjer at ein set seg fast i det. Dersom ein vil unngå dette og få folk til å fokuserte (som det heiter på dårleg norsk) på bodskapen eller vara, ser ein seg nøydd til å skrive «fremtiden».

Slike overlegningar gjer språkbrukarar heile tida. Sunnmørsposten, som har hatt ein redaktør frå Stranda som skriv betre nynorsk enn dei fleste, og som no har ein sjefredaktør frå Sykkylven som òg skriv strålande nynorsk, har oftast reklamane for avisa på konservativt bokmål. Det same gjeld for ei lang rekkje andre verksemder. Berre det å skrive nynorsk vert i mange samanhengar oppfatta som ei politisk markering, ikkje som ein kvardagsleg og sjølvsagt del av livet og kulturen din. Ein kjem mykje lettare unna med å skrive elendig kanselispråk på bokmål. Dette tyder ikkje at nynorsk er unaturleg eller lite nytta. Det tyder at ein ikkje vil provosere latente fordommar hjå aggressive grupper. Det er same mekanismane som gjer at mange ser seg nøydde til å skifte hovudmål eller ha nynorsk berre som privat språk og bruke konservativt bokmål i forretningssamanheng.

Det er difor falsk argumentasjon når bokmålsforkjemparane i Ålesund og i fylket målber at såkalla språknøytralitet gjer begge språka likeverdige. Det tyder derimot at ein tvingar det språket som spring ut av talemålet til folket, enno meir ut av naturlege samanhengar. Ein slags nykolonisering. At byråkratar blir pålagde å kunne kulturen og språket der dei arbeider burde ikkje vere eit stridsspørsmål, det burde vere sjølvsagt. Det burde vere noko ein var stolt av å medverke til.

Aud Farstadhistorikar