Få svar på det du lurer på om kommunereforma

Det er mykje som står på spel denne våren. Framtida til kommunen din skal avgjerast. Vil det vere best om den slår seg saman med andre, eller blir ståande åleine?

ny teneste: Over helga opnar Sunnmørsposten ei digital spørsmålsteneste om kommunereforma, i samarbeid med lokalavisene Møre-Nytt, Sunnmøringen, Vikebladet/Vestposten, Fjordabladet, Fjordingen og Fjordenes Tidende. Du kan stille spørsmål direkte til dine kommunepolitikarar og få svar. 

Når alt er vedtatt, er det for seint å påverke prosessen

Meninger

Kommunereforma legg opp til at alle kommunar skal fatte vedtak før sommaren, og det er ikkje lenge til.

For å vite kva som er best for din kommune, er det avgjerande at du får så klare svar som mogleg på kva som blir konsekvensane av dei ulike alternativa. Neste veke opnar Sunnmørsposten ei ny digital spørsmål/svar-teneste om nettopp kommunereforma.

Gå til tenesten «Kandusvare.smp.no» og legg inn ditt spørsmål (dei første svara kjem først neste veke)

Velferdstenester

Diskusjonar om kommunereform har i stor grad handla om kommunenamn, plassering av administrasjonssenter og språk. Det er ikkje uvesentleg.

Men endå viktigare er det å finne ut kva løysing som vil gi det beste skuletilbodet i framtida, dei beste tenestene for eldre og pleietrengande og for barna som er avhengig av eit forsvarleg barnevern. Og kva vil vere avgjerande for dei som ønskjer å skape nye arbeidsplassar og vekst?

Opplyste borgarar er ein føresetnad for at demokratiet skal fungere, og då er god informasjon heilt grunnleggande.

Direkte spørsmål

Sunnmørsposten dekkjer 25 kommunar på Nordvestlandet, og følgjer tett arbeidet med kommunesamanslåing i regionen vår. Vi rapporterer, analyserer, undersøker, kommenterer og legg vekt på å få fram ulike synspunkt. Det vil vi halde fram med å gjere.

Men i tillegg til alt dette, ser vi at det er behov for ei teneste som gjer det mogleg for den enkelte innbyggar å få svar på konkrete spørsmål som er aktuelle i nettopp sin kommune. Dette er bakgrunnen for at vi neste veke lanserer den digitale tenesta «Kan du svare?» - som gjer det mogleg for deg å stille spørsmål direkte til kommuneleiinga - og få svar.

Samarbeid

Vi gjer dette i samarbeid med dotterbedrifter i Sunnmørsposten konsern, Møre-Nytt, Sunnmøringen, Vikebladet/Vestposten, Fjordingen, Fjordabladet og Fjordenes Tidende.

Det betyr at du kan gå inn på ei av desse nettavisene eller direkte til «kandusvare.smp.no» og skrive inn dine spørsmål.

I andre enden sit representantar for kommunen din og svarer. Dersom du ønskjer det, kan du få e-post når kommuneleiinga har svart på spørsmålet ditt.

Den enkelte avis vil så lage eigne redaksjonelle artiklar, basert på spørsmål frå lesarane.

Dei aller fleste kommunane har svart ja til å delta, og det er svært gledeleg. Alle spørsmål blir modererte før publisering, for å unngå sjikane.

Den digitale tenesta er utvikla av Sunnmørspostens digitale laboratorium, SmpLab, i samarbeid med MittMedia AB. Tenesta er laga etter same modell som det digitale valtorget «Kan du love?» som vi tok i bruk i samband med lokalvalet i fjor haust. Det kom inn svært mange spørsmål som lokale politikarar svarte på, og spørsmåla vart utgangspunkt for fleire reportasjar.

Vi trur behovet for informasjon i samband med kommunereforma er minst like stort, og det ønskjer vi å gjere noko med.

Regionreform

I løpet av året skal det også avgjerast kva region vi skal høyre til. Vil Nordvestlandet klare å markere seg som ein sjølvstendig region - eller blir vi eit underbruk av Trondheim eller Bergen?

Og korleis vil kommunereforma påverke utforminga av den framtidige regiontilknytinga? Det er no vi må finne ut av dette. Når alt er vedtatt, er det for seint å påverke prosessen. Å vere etterpåklok er ikkje særleg nyttig i denne samanheng.

Så bruk sjansen til å få svar på det du lurer på. Du kan begynne å legge inn spørsmål på nettsida alt no.

Slik gjer du det

Gå til kandusvare.smp.no - klikk på knappen «Still ditt spørsmål her» og fyll ut skjemaet. God helg