Under stor festivitas i Zarzuela-teateret i Madrid fekk Storfjordens venner tirsdag delt ut Europa Nostra-prisen. Prisen får foreininga for den enorme, frivillige innsatsen som er gjort for å ta vare på karrige fjellgardar langs Storfjorden.

All heideren som ligg i tildelinga av denne prestisjetunge prisen er meir enn fortent. Med utretteleg innsats, med brennande eldsjeler og eit ukueleg pågangsmot har Storfjordens venner med dugnad som viktigaste reiskap gjort eit uvurderleg arbeid.Ein viktig del av kulturarven ville ha forvitra og gått tapt utan dette. Det ville ha vore som å fjerne sider frå historiebøkene. Kapitla som ville vore borte ville vore eit uvurderleg tap for ein del av historia som er med på å definere vår identitet.

Europa Nostra-prisen er stifta av Europakommisjonen, og har vorte delt ut sidan 2002. Den er mellom dei mest prestisjetunge utmerkingar i kulturminnesektoren i Europa. Den skal bidra til å styrke bevaring av kulturarv i forsking, forvaltning, frivillig arbeid, undervisning og kommunikasjon.

I alt var det i går 28 prisvinnarar frå 16 land som fekk slik heider i fire ulike kategoriar. Storfjordens venner fekk prisen som ein av tre prisvinnarar i kategorien «særlege prestasjonar». Dei andre vinnarane i denne kategorien er tilsette og aktivistar ved nasjonalmuseet i Bosnia-Hercegovina som arbeidde i tre år for å halde museet ope i ei særs vanskeleg og konfliktfylt tid for landet. Den tredje vinnaren er ei italiensk kvinne som gjennom 40 år har via livet sitt til frivillig kulturminnevern.

At vi finn Storfjordens venner i eit slikt selskap, er vel fortent. Prisen betyr at enno fleire no vil få sjå og forstå verdien av det arbeidet foreininga har gjort. Samstundes vil endå fleire bli merksame på dei kulturhistoriske verdiane desse fjellgardane er.

Dette vil også styrke dei vestlandske fjordane som turistmål. Den erfaringa har mange av dei vel 400 tidlegare vinnarane fått. Fleire av dei har også opplevd at dørene til ytterlegare finansiering av kulturminnearbeidet har vore lettare å opne.Den utfordringa bør både frivillige bidragsytarar og offentlege styresmakter sjå – og ta konsekvensen av.