Terror handlar om propagandaen som ligg i gjerningar. Den spreier frykt, og den skapar bestemte assosiasjonar. For dei fleste her heime, akkurat no, blir tankane dradd til Paris-angrepet i november i fjor som drap 130 menneskje. Brussel, mars – 32 døde. Orlando – 49 drepne. Charlie Hebdo. San Bernardino.

Det er først og fremst ugjerningar som desse som er etsa inn i vår kollektive korttidshugs. Ikkje Baghdad, Dhaka, Medina, Kabul, Beirut, eller dei dusinvis andre, ikkje-vestlege terrormåla som har blitt råka det siste året.

Islams heilage månad, Ramadan, er nett avslutta, og 1,7 milliard muslimar verda over feira Eid onsdag denne veka–også på Sunnmøre. Under opptakta til feiringa i år har blodet flytt i gatene til fleire byar etter terrorangrep av islamistiske grupperingar. Hovudsakleg i muslimske land. Dei drepne er hovudsakleg muslimar. Berre i løpet av veka som leia opp til Id-feiringa på onsdag blei fleire folk drepne av «heilag terror» i muslimske land enn det som har døydd i vestlege land på lang tid.

Måndag blei ein av dei heilagaste stadane i ein av Islams heilagaste byar råka: Medina i Saudi-Arabia–byen korfrå profeten leia starten på utvidinga av den islamske verda etter han forlét Mekka i år 622.At muslimske land blir langt oftare, og hardare råka av terror er ikkje berre noko som passar det innvandringsliberale narrativet til ei «naiv» venstreside – det er eit veldokumentert faktum.

Når det openbart er muslimar som hovudsakleg blir råka av islamistisk terror blir det neste spørsmålet: Kor heilage er desse heilage krigarane?

Det er fleire ulike vegar til radikalisering og omfamning av ekstrem islamistisk ideologi. Mange framandkrigarar frå vestlege land i dag blir tiltrukke av eit episk og grandiost narrativ om militær suksess, historisk oppløysing, og–kanskje enno viktigare–ein hang til ekstrem vald, og moglegheit for å halde kvinner i personleg sexslaveri.Ofte er det snakk om folk med kriminelle bakgrunner og dårlege oppvekstkår, som ikkje hadde klart å referere eit koran-vers om ein tvang dei.

Eit par poeng er spesielt verdt å ta med seg frå ein analyse av dette.

• Terrorfrykta i vestlege land er delvis irrasjonell og grunnlaus.

• Vekkgløyminga av kven terroren hovudsakleg råkar underbyggjer stereotypien om «oss» og «dei», som igjen byggjer opp under islamofobi og framandfrykt.

Sannsynet for å bli drepen i ei bilulukke i eit vestleg land er framleis langt større enn sjansen for å bli drepen av islamistisk terror.

Vestlege media – også norske – lagar gjerne individuelle profilar på terror-ofra frå angrep i Vesten. Det er få eller ingen av dei same media som lagar profilar av dei over hundrevis som er drepne berre den siste veka i Baghdad, Istanbul, Kabul, Medina eller Dhaka.

Det er naturleg at vi dekker Vesten meir. Nyheitskriteria dikterer delvis dette, og publikumstilknyttinga er sterkare. Ein farlegare grunn til skjeivdekkinga er derimot at grupper som IS pakkar og publiserer angrepa i Vesten på ein annan måte – på glossy papir og i HD-kvalitet. Og vestlege media videreformidlar utan å mukke.

Dette skapar frykt og tener islamistane sitt strategiske mål om å utradere «gråsonen»–å få folk til å ta side, anten med radikal islamistisk teologi, eller med framandfiendtleg islam-hat.I samband med det som skjer i Europa og Midtausten i dag er det kanskje viktigare enn nokosinne å halde hovudet kaldt og hugse perspektiva. Det er ein føresetnad for å ta gode avgjersler.

– Muslimske land blir langt oftare, og hardare råka av terror.