Utelivskulturen til mange i dag medfører at ein først deltek på vorspiel, er ute på middag eller er på noko kulturelt, før turen går mot uteplassane kring midnatt. Dermed er dei fleste på byen i inntil 3 timar. Alle er ikkje like seine, og byen tømmast for folk i ein relativt jamn straum fram til 0330.

Skal skjenking stoppe 0200 og uteplassane stenge dørene 0230, vil trykket på alt som omfattar utelivet auke. Fleire skal inn dørene samtidig, fleire skal handle meir alkohol samtidig, fleire skal ta taxi samtidig, fleire skal handle mat samtidig og fleire skal ta nattbuss samtidig. Meir kø, meir skal gjerast på mindre tid, meir irritasjon. Ei oppskrift på situasjonar ingen ynskjer.

Ålesund har per i dag eit godt uteliv i forhold til storleiken på byen. Det er godt utval av restaurantar, kulturtilbod og uteplassar dei fleste kan føle seg heime i. Vi fryktar kva som blir resultatet, ettersom dei økonomiske konsekvensane for aktørane truleg blir store. Vil Ålesund som kulturby lide? Det fryktar vi.

Vi ynskjer oss eit godt og trygt uteliv i Ålesund. Der ikkje alle blir kasta ut på gata samtidig. Der rammene rundt uteplassane er dimensjonert for, og klarar å handtere straumen av personar. Der det er mogleg å sette seg på ein nattbuss å kome seg heim for ein god pris. Der skjenkekontrollen gjer at ein unngår at personar vert overstadig rusa.

Kommunen har her ein unik moglegheit til å vere proaktive, til å gjere rammene rundt utelivet betre, det er der potensialet er. Kortare skjenketid er den enkle, kortsiktige løysinga, men ikkje den beste.

Vi har innført eigne vakter i sentrum under studentarrangement for å bidra til at Ålesund skal ha eit godt og trygt uteliv. Det er difor eit paradoks at vi, studentane, som er ei stor gruppe i byens uteliv ikkje har blitt konsultert eller inkludert i arbeidet med handlingsplanen.