I den nyleg publiserte rapporten til Nordlandsforskings blir framtida til Møre og Romsdal drøfta. Rapportens konklusjon er at fylket bør fortsette aleine.

Rapporten nemner fylkets fleirkulturelle preg og dei politiske preferansane. Eg meiner desse aspekta er tett samanknytt og eit argument for at Møre og Romsdal fylke også i framtida bør bestå av Nordmøre, Romsdal og Sunnmøre. Kva om det er nettopp den administrative samlinga av desse tre fogderia som har gjort landsdelen til ein så sterk demokratisk og økonomisk motor for Noreg?

Ulike politiske kulturar

. Spesielt særmerkt er kor politisk fleirkulturelt fylket er. Ulike politiske kulturar er eit resultat av fleire faktorar som har samspelt over lang tid.

Blant anna har eigendomstilhøva, religion og ideologiar vore faktorar som har gjeve fylket ulike politiske kulturar. Til dømes var delar av Nordmøre eit storbondeområde, samanlikna med Sunnmøre og delvis Romsdal som hadde fleire småbrukarar. På det religiøse feltet var pietisme og bedehuskristendom sterkare på Sunnmøre enn lenger nord i fylket. Slike trekk kan kaste lys over politiske preferansar: Politisk radikale standpunkt var meir utbredt på Nordmøre. Sunnmøre var i hovudsak meir moderat, medan Romsdal ofte har synt ein mellomposisjon. Den dag i dag er Arbeidarpartiet sterkast på Nordmøre, medan Høgre og Framstegspartiet får breiast oppslutning i sør.

Ein felles identitet likevel?

Det blir ofte sagt at Sunnmøre er og blir eit vestlandsområde, medan Nordmøre og delvis Romsdal høyrer til Trøndelag. Vidare bli det gjerne hevda at «ingen» reknar seg sjølv som ein «møre og romsdaling».

Ein slik tankegang indikerer at dei tre fogderia er delar av andre kulturområde, og eigentleg ikkje høyrer saman. Dette opnar igjen opp for å splitte fylket og dele ut fogderia til andre regionar.Eit slikt perspektiv mister av synet at også Møre og Romsdal har ein identitet, nemleg som ei felles-eining for tre fogderi, der dei einskilde identitetane får stå sterkt.Slik tenkt vil alle tre fogderi bli råka om dei andre forsvinn, fordi då vil ikkje fylket lenger ha eit like variert innhald (politiske kulturar). Til dømes – som Nordlandsforsking er inne på ville nokre politiske preferansar dominere meir enn kva som er tilfelle i dag. Slik kan det oppstå ubalanse mellom politiske frontar.

Positiv strid

Dei mykje omtalte fogderistridande er dimed positivt for fylket. Strid om knappe ressursar er eit kjenneteikn for demokrati i praksis. At politiske saker på lokal- og regionsnivå engasjerer store delar av befolkninga er også positivt, og i røynda eit teikn på eit levande regionalt demokrati.

Med andre ord kan ein ved ei deling av fylket risikere at noko av særpreget forsvinn i same åndedrag. Då vil Møre og Romsdal - eller det som er att av det - bli litt meir likt som andre delar av Norge, og kvart fogderi står i fare for å «forsvinne» i sine nye regionar.

Kommunereforma

Den framtidig kommunestrukturen vil ha betydning for fylkesstrukturen. Særleg om kommunereforma medfører at fogderia går i oppløysing.

Ei kommunereform kan vere eit middel til å styrke fylket som heilskap, men bør då ta høgde for variasjonar mellom fogderia, samt variasjonar internt i kvart fogderi. Fylkesmannens kommunekart syner i hovudsak eit Møre og Romsdal som vidareførar fogderigrensene. Om eit slikt «ovanfrå og ned» forslag bør gjennomførast er ein annan diskusjon. Likefullt syner kartet ein tankegang der inndelinga koplar seg til lokale variasjonar. Særleg interessant er den langsiktige plana: Nordmøre delast inn i ein indre og ytre kommune, Romsdal vert èi samanhengande eining, medan Sunnmøre blir meir oppdelt.

Historiske særtrekk

I mine auge er denne inndelinga inne på nokre historisk særtrekk: På Nordmøre har det vore eit kulturelt skilje mellom innlandet og kyststrøka. I Romsdal bur folk kring armane av den same fjorden, noko som kan ha gjort avstandane mindre. Men berre èin kommune bli gjerne for vidfemnande. På Sunnmøre har geografien truleg gjort avstandane større og dei lokale særprega sterkare, noko ein kommunestruktur med fleire kommunar kan fange opp.

Fylket bør halde fram aleine

Nordlandsforskings konklusjon er at Møre og Romsdal fylkeskommune bør halde fram samla og aleine. Det er eit råd med mykje fornuft.

Å konsekvent motarbeide endring er ei uheldig haldning. Samstundes må ein vere bevisst på at strukturelle endringar kan skiple føresetnader som realiserer godar me nyt godt av. Det levande demokratiet i Møre og Romsdal er eit slikt gode, og fylkesinndelinga er ei ramme som har mogeleggjort dette.Kanskje vil framhald av Møre og Romsdal fylke vere mindre «robust» i høve statlege overføringar, og kanskje vil fylket bli det minste av landets regionar. Likevel har det innanfor akkurat denne administrative eininga i lang tid eksistert eit sivilsamfunn og næringsliv det knapt finst maken til. Dèt er noko som bør takast vare på.