I eit innlegg i Sunnmørsposten og Romsdals Budstikke tidlegare denne månaden tok Jan Petter Hammerø og Harald Espeland for seg positive ringverknadar av å knyte Møre og Romsdal tettare saman.

Avslutningsvis sende dei stafettpinnen vidare til næringslivet og politikarane i fylket. Vi ordførarane i kommunane som utgjer Region Ålesund tek gjerne denne utfordringa. Vi ser heilt klart at å kople Sunnmøre og Romsdal tettare saman vil få store positive ringverknadar for heile regionen.

Mykje av striden vi opplever mellom fogderia er grunna i at institusjonar og arbeidsplassar hamnar i eit anna fogderi enn det vi til dagleg definerer oss som ein del av. Ei nedkorting av reisetida mellom oss vil auke nytta av det som hamnar hos naboen. På den måten vil Møreaksen kunne bygge ned fogderistrid og uheldig kiving oss i mellom. Det handlar om reisetid, ikkje avstand.

Innkorting av reisetida mellom to viktige arbeidsregionar, slik at dei med tida kan smelte saman, vil i seg sjølv gi ein viktig vekstimpuls. Ei reisetid til jobb på ca. 45 minutt vert regna som grensa for akseptabel reisetid for dei fleste. Møreaksen vil dermed sørge for at mange fleire får ein større og meir variert arbeidsmarknad innanfor denne reisetida.

Det er eit beklageleg faktum at Møre og Romsdal slit med at vi har større innanlands fråflytting enn tilflytting. Ungdommen vår flyttar til storbyane, og kjem i for liten grad tilbake til heimfylket sitt. For at fylket vårt skal få den veksten vi ønskjer, treng vi at både unge menn og unge kvinner med høg utdanning vel å bu og arbeide her.

Høgt utdanna par vil ønskje å bu stabilt på ein stad, samtidig som dei kan nå ein variert arbeidsmarknad med moglegheiter for jobbytte utan å måtte flytte. Ein god miks av offentlege og private arbeidsplassar er viktig. Møreaksen vil medføre at fleire vil få ein større arbeidsmarknad innanfor akseptabel reisetid.

Skal vi lykkast i framtida, må vi lykkast med å skape ein attraktiv region for dei unge.

Skal næringslivet vårt kunne trekkje til seg kompetent arbeidskraft, må regionen vår vere attraktiv. Urbanisering er ein global trend, og arbeidsplassar flyttar raskare til byen enn innbyggjarane.

Denne type utvikling driv veksten i byar over heile verda. Dei arbeidsplassane som vert skapt i dag og som dreg denne utviklinga, er først og fremst veksten i privat tenesteyting.

Byane er vekstmotoren, og distrikta rundt opplever ei positiv utvikling fordi dei ligg i ein rimeleg avstand til sterke bysentrum. Med Møreaksen på plass vil vi kunne få utvikling av nye busetjingsalternativ og nye fortettingsmønster mellom byane. Gjennom Møreaksen vil næringslivet spare tid og kostnadar. Næringslivet vil lettare kunne utvikle samarbeid på tvers av fogderia. Moglege aktørar som vurderer etablering er opptekne av befolkningsvolum og samferdsel.

Møreaksen er eitt av fleire framtidige vegsystem som vil gjere Møre og Romsdal meir konkurransedyktig. Å binde saman Molderegionen og Ålesundregionen er viktig for den vidare veksten som vi er avhengige av slik at vi skaper gode og vitale lokalsamfunn i framtida.