Ytring 22. desember:

«Jon Georg Dale sitt fyrste år»

Landbruksminister Jon Georg Dale er mektigst i norsk landbruk. Arkivfoto: Berit Roald / NTB scanpix 

Meninger

Blåblå regjering med Listhaug og Dale er truleg det beste som realistisk kunne ha hendt norsk landbruk og landbrukspolitikk frå 2013. Ei ny raud-grøn regjering ville innebere å halde fram på ein kvass knivsegg av stadig meir usikker politisk støtte, nemleg «normalsituasjonen»:


Jon Georg Dale (Frp):

Dale i klinsj med bøndene

– Klart eg registrerer at landbruksmeldinga mi møter motbør. Men eg er bomsikker på distriktsprofilen i meldinga.

Berre Sp har landbruk i ryggmergen. Ap er med på laget, men ganske sikkert situasjonsbestemt og personavhengig, heller enn eit forankra landbruksengasjement. KrF ligg nærast Sp, men landbruksengasjementet er òg her mykje personavhengig. SV og MDG? Truleg ganske personavhengig. Superliberale Venstre? Ganske lunkent og personavhengig (Pål Farstad har vore ein kolossalt viktig støttespelar).

Ikkje minst ville normalsituasjonen vere karakterisert av Frp og H (fristilte i opposisjon) i konstant innsats for å erodere landbruket si stilling gjennom populistiske, harde åtak på landbrukspolitikken og landbrukssamvirket.


Bondeopprør mot Dales landbruksmelding

Oslo (NTB-Mats Rønning): Bondeorganisasjonene reagerer skarpt på regjeringens nye jordbrukspolitikk. Også på Stortinget møter landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) heftig motstand.

Over tre år med blåblå regjering har ført til at landbruk er på dagsordenen som aldri før. Støtte til landbruket er vesentleg meir grunnfest i Ap, det same i både KrF, SV og MDG. I Venstre har landbruk òg utan tvil vore på dagsordenen på ein ny måte. Også viktig etter desse tre åra er det at minst to sentrale personar i Frp, Listhaug og Dale; sentrale), for fyrste gong i partiet si historie har måtta setje seg grundig inn i alle sider ved norsk landbrukspolitikk. Ganske sikkert har det ført til at også fleire i Frp og i Høgre har fått meir kunnskapsbasert «nærkontakt» med norsk landbruk.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Same kor ein snur og vender på det, er dette viktig. Om dei framleis vil undergrave norsk landbruket, er dette ei ærleg sak om dei debatterer med grunnlag i kunnskap og fakta. Det som er alvorleg og svært kritikkverdig, er å bombastisk føreslå dramatiske endringar med overflatisk kunnskap. Når ein veit kva Frp sine alternative budsjett ville innebere av rasering av landbruket slik vi kjenner det, er det ganske ekkelt å høyre sleipt, demagogisk, blåblått skryt om kor bra det går når Frp/H får styre. Både Listhaug og Dale er svært dyktige, og har imponert meg, på mange måtar, så det er nemnt.

Kjell Mulelid
Stordal

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.