Ålesund og Vigra Kringkastar har vore ein svært viktig del av denne historia. I staden for å rive sendar-bygget, meiner vi at bygget kan brukast til eit nasjonalt analogt kringkastingsmuseum. Venneforeininga for Vigra Kringkastar har arbeidd sidan 1995 for å ta vare på denne historia. I 2005 opna dei eit «museumsområde» der dei har samla historia frå 1924/35 til 1948/52.

AM-radioen var einerådande i denne tidsperioden. Ålesund fekk den første prøvesendar i Norge for radiotelefoni mellom fiskebåt og land i 1924. Denne sendaren var brukt til kringkasting frå 1924–1935. Sendaren var sannsynlegvis den første nasjonal eigde sendaren som vart brukt som kringkasting-sendar i Norge.

I Oslo var det prøvesendingar med ein lånt sendar i 1923 over ein kort periode og Oslo Kringkastingsselskap AS var det første i Norge i 1925. I 1926 kom Bergen og Tromsø også på lufta og Ålesund Kringkastingsselskap AS kom på lufta i februar 1927. NRK-monopolet vart etablert 1.7.33 og tok over dei 4 private kringkastingsselskapa.

I november 1935 tok RCA-sendaren på 10 kW over sendingane frå kyst-radiosendaren i Ålesund. I 1939 fekk Norge 2 nasjonale stor-sendarar på 100 kW. Vigra Kringkastar skulle primært dekke den norske fiskeflåten og dekte havområdet mellom Skotland, Island og Svalbard og mesteparten av Norge.

Då krigen kom 9. april 1940 vart dei to andre nasjonale stor-sendarane i Oslo og Stavanger tatt av tyskarane i tillegg til dei mindre regionale sendarane i Bergen og Kristiansand.

Vigra Kringkastar vart Norge sin viktigaste informasjonskanal dei første krigsdagane frå 9. april til 15. april då den vart bomba av tyske fly. Regjeringserklæringa og Kongens NEI vart kunngjort 11. april og melding nr. 1 frå den frie norske regjeringa vart sendt over Vigra Kringkastar på norsk, engelsk, fransk og tysk 14. april. Det lokale informasjonskontoret vart den 16. april forsterka med medarbeidarar frå NRK, NTB og Arbeidarpressa og vart erklært som staten sitt informasjonskontor i Ålesund 23. april.

Kontoret måtte flykte vidare til Tromsø 1. mai.

Kåre Fostervoll var leiar både for det lokale kontoret i Ålesund og staten sitt informasjonskontor i Ålesund og Tromsø. Kåre Fostervoll var lektor på Latinskulen i Ålesund. Han var frå Kristiansund og vart seinare statsråd og kringkastingssjef. Vigra Kringkastar. 11. april vart det oppretta eit militært samband mellom London og leiinga for den norsk/engelske hærstyrken i Gudbrandsdalen over Vigra Kringkastar til Wick radiostasjon i Skotland.

12. april 1948 vart den nye Vigra Kringkastar offisielt opna av kong Håkon 7. i eit direktesendt radioprogram frå Løvenvold kino i Ålesund. Ålesund og Norge sin store krigshelt Joachim Rønneberg opna programmet.

Reinsfjell FM-sender kom på lufta i 1959 og vart drifta frå Vigra. Reinsfjell TV-sendar kom i 1963 og Gamlemsveten FM og TV kom i 1964. I 1967 vart Vigra Kringkastar drifts-kontrollsenter for Reinsfjell, Gamlemsveten og Bremanger. I 1984 vart den gamle norskbygde EB-sendaren stoppa.

I 1985 fekk Vigra kringkastar ein ny Telefunken 100 kW sendar som vart fjernstyrt og ubetjent. I 1996 vart Norkring AS etablert som eige selskap eigd 60 % av NRK og 40 % av Telenor (TV2). Driftspersonalet til Norkring mønstra på Vigra Kringkastar og hadde ansvaret for kringkasting-nettet i heile Møre og Romsdal fylke til 2002. Telenor kjøpte ut NRK i 1999, og Norkring sine driftsingeniørar måtte mønstre hos Telenor i Ålesund. I 1996 vart Telenor og Norkring sine driftsingeniørar overført til Relasjon AS. I juni 2011 vart sendaren stoppa og radiomasta felt.

Ålesund hadde sannsynlegvis den første statseigde sendaren som vart brukt til kringkasting i Norge. Vigra Kringkastar er den lengst levande sendaren med størst dekkingsområde i Norge. Kringkastaren har ei unik nasjonal krigshistorie og er den einaste stasjonen som har tatt aktiv del i heile den analoge kringkastingshistoria AM- og FM-radio og TV for NRK og private selskap. Det vil vere galskap å rive eit slik minnesmerke over ei viktig nasjonal historie – teknisk og kulturelt!

Truga: Bygget som husa Vigra kringkastar er truga av riving. Venneforeininga kjempar no for å hindre riving for å ta vare på denne delen av norsk kringkastingshistorie. Foto: frode kleiveland