Etter at eg engasjerte meg i debatten om nynorsk i Ålesund har fleire fortalt meg om vanskane dei har hatt som nynorskbrukarar i Ålesund, difor skriv eg til dei. Eg kan ikkje imponere nokon med kunnskapane mine i grammatikk og stavar ofte feil.

Eg har hatt bokmålsopplæring gjennom heile skulegangen, men kjenner meg heime i nynorsken. Det er ikkje nokon rasjonell, språkleg grunn til at folk med ålesundsdialekt skal skrive bokmål. Dessutan kjenner eg meg knytt til den nynorske arven som ikkje «berre» er språk, men ein kultur.

Ein kultur som representerte eit demokratisk løft for folket mitt. Som Ivar Aasen skreiv – på dansk – i føreordet til «Norsk Grammatik» i 1864: «Men der er noget andet, som ogsaa er ønskeligt, og dette er, at Almuen ikkje skal forledes til at foragte sit nedarvede Maal.»

Vanlege nordmenn skulle ikkje skamme seg over seg sjølve, men med sjølvtillit delta i demokratiet med det naturlege språket sitt. Dette har hatt svært mykje å seie for det same demokratiet – òg i Ålesund.

Det er faktisk mykje å gle seg over når det gjeld nynorsk i Ålesund.

Ei aktiv fortid

I 1894 vart Aalesund frisinnende ungdomslag skipa med redaktøren av Sunnmørsposten, Ivar Flem som første formann. Med seg hadde han overrettssakførar Anton Johan Rønneberg som òg var magistrat (rådmann) i byen i eit par tiår på byrjinga av førre hundreåret.

Ålesund mållag vart skipa i 1899. Etter bybrannen skifta laget namn til Ungdomslaget Ivar Aasen, som framleis eksisterer. Emma Thornes frå Drammen, framståande politikar for Venstre i Ålesund gjennom 40 år, var andre innmelde i laget. Den første gudstenesta på nynorsk i Ålesund kyrkje vart halden så tidleg som i 1903. Nynorskrørsla samla inn utrulege 107.500 kroner og kjøpte hus og presse og starta nynorskavis i byen 1917.

Petrine Stafset frå Skodje kom som ung lærar til Ålesund. Ho var ein av desse kulturberande lærarane frå landsbygda som Noreg har hatt så mange av, stolte av målet sitt og sosialt engasjerte. Ho skreiv nynorsk i lærarinnelaget sin protokoll, engasjerte seg i Ivar Aasen og sat i styret for Sunnmøre Museum.

Ho var folkevald for Arbeidarpartiet og ho var den første kvinna på toppen av politikken i Ålesund då ho vart varaordførar i 1925. Takka vere mellom anna henne har gatenamna i Ålesund a-endingar. I 1925, 26 og 27 vart møteboka til 17. mai-komiteen og 17.-maiprogrammet i Ålesund skrivne på nynorsk. Redaktør Ivar Flem i Sunnmørsposten skreiv i ein leiar at det var sjølvsagt med norsk mål på «Noregs dag». I 1926 stod det ei lang, fin skildring av 17-maifeiringa i Ålesund i same avisa – på nynorsk.

Nynorskrørsla har òg vore ein viktig økonomisk aktør i Ålesund. Ungdomslagslaga har drive ikkje mindre enn tre kaféar i byen og kjøpmann og målmann Hans Langva garanterte for eit stort banklån slik at ungdomslaget kunne kjøpe Hotell Noreg.

Utan nynorskrørsla ville heller ikkje ein av dei aller mest besøkte turistattraksjonane i Ålesund, Sunnmøre Museum, sett dagens lys. I 1930 garanterte Sunnmøre frilynte ungdomslag for leiga av området som museet hadde skaffa seg i gamle Borgund kommune. Målfolket la ned mykje pengar, innsatsvilje, politisk arbeid, dugnadar og innsamlingsarbeid for å ta vare på den sunnmørske kulturarven. I dag får museet løyvingar frå sunnmørskommunane – alle saman nynorskkommunar. Nynorsk er sjølvsagt språket til museet. Noko anna ville ha vore ein hån mot eigarane, mot historia og mot den kulturelle arven deira.

Kjærleik krev innsats

Den sterke sentraliseringa – òg på skulefronten – og kampanjar mot nynorsk frå riksmålsfolket, har svekka nynorsken i etterkrigstida.

Den største nynorskkommunen i fylket vart slukt av Ålesund for femti år sidan, og det kom det ikkje mykje god ut av for nynorsken. Likevel har han klora seg fast. Framleis er her fleire hundre nynorskelevar i grunnskulen og framleis har tre av fem kyrkjesokn nynorsk liturgi. Både ordførar, varaordførar og rådmann skriv i dag nynorsk – og – som alle nynorskskrivande – òg bokmål.

Sunnmørsposten skriv nynorsk kvar einaste dag – det finst ikkje flottare norsk enn når Bjørn Halvorsen dansar med tastaturet.

Men det er ikkje tvil om at skal nynorsken overleve så må vi «nynorskingane», kvar og ein av oss, gjere ein innsats sjølve slik dei gjorde som gjekk føre oss. Eit Ivar Aasen-tun åleine tar ikkje vare på den nynorske kulturen. Generelt bør vi halde oppe den nynorske offentlegheita med til dømes å abonnere på Dag og Tid og Syn og Segn og kjøpe nynorske bøker og melde oss inn i Noregs Mållag.

Ein kan skaffe seg gode argument og solid historisk bakgrunn for språket sitt ved å lese til dømes «Viljen til språk» av Ottar Grepstad. Klassikaren «Språk er makt» av Rolv Mikkel Blakar er enno ei fryd. Det same er den morosame opplæringsboka «Nynorsk for dumskallar» av Kristin Fridtun.

Vi bør bruke språket vårt i alle samanhengar – hurra for Kleven verft og Lerum! Dei som har barn – få barnehagane til å tinge nynorske barnebøker! Nynorske biletbøker for barn er strålande gode. På nettsidene til Noregs Mållag får ein tips om korleis ein skal gå fram for å få nynorskklasser i skulen. På nettsida til nynorsksenteret finn ein mange nyttige tips om nynorsk i opplæringa.

Og når ein går til val bør ein tenkje seg om fleire gonger før ein stemmer på Høyre som ikkje har godt rulleblad når det gjeld nynorsken.

Og ganske særleg må ungdommen engasjere seg for språket sitt. Gamle kjerringar som meg gjev ikkje språket prestisje. Det er det ungdom som gjer. «Kjærleik» vart kåra til Noregs vakraste ord i ei tevling på VG-nett for nokre år sidan.

Skal kjærleiken overleve må han dyrkast og vernast om. Det gjeld òg kjærleiken til språket og kulturen.