På kort sikt kan det gi tapte inntekter for reiselivsnæringa, men omsynet til verdsarvstatusen og den sårbare naturen er viktigare.

På lengre sikt er det også med på å trygge fjordane som framtidige turistmål. Ein trafikk som er til skade for miljøet og til skade for den opplevde kvaliteten for turistane, tener ingen. I denne saka er det naudsynt å vere føre var.

For destinasjonar som Geiranger er trafikken allereie i dag svært stor på enkeltdagar gjennom sommaren. Sjølv om vi etter kvart har fått reglar som stengjer ute dei skipa som tidlegare fylte fjordlufta med svart røyk, er det framleis altfor mange skip som heng etter i miljøstandard.

Brannfolk slår alarm: Beredskapen er ikkje bra nok under turistsesongen i Geiranger

Verdsarvstatusen fører med seg eit ansvar. Fleire av kvalitetane verdsarvstatusen er sett til å verne er under press. Det særskilde kulturlandskapet er truga av gjengroing som resultat av bruksnedleggingar i landbruket.

Svært stor trafikk, både til sjøs og på vegane, er ikkje berre til skade for den enkelte turist si oppleving av reisemåla, men kan også skade verneverdiane. Forureining av miljøet med utslepp til luft og vatn er ein vesentleg faktor.

Mindre forureinande skip løyser ikkje alle utfordringane. Den store trafikken vil framleis kunne by på problem, uavhengig av kor lite utslepp kvart enkelt skip påfører miljøet.

Om ein ser på dagens skip, kan ein forsvare å setje eit tak på talet på anløp for å redusere utsleppa. Dette er vanskelegare å forsvare med miljøargument når flåten består av meir utsleppsvennlege skip.

Her bør det likevel vere i næringa si interesse, saman med styresmaktene både lokalt og sentralt, å setje inn tiltak for å bevare stadar som Geiranger som attraktive reisemål med unike kvalitetar og ikkje ei overbefolka turistmaskin.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!