Uavhengig av kven som styrer Justisdepartementet er det no på tide å setje Politidirektoratet på slankekur. Det er likevel litt spesielt at direktoratet har est ut akkurat i den perioden Framstegspartiet har styrt departementet.

Ikkje berre er Frp det partiet som kanskje sterkast har vore faneberar for avbyråkratisering og effektivisering av forvaltninga. Partiet har også vore høgt på banen for å styrke politiet med meir synleg politi.

Her finner du flere av Sunnmørspostens ledere!

På toppen av det heile var det også berre så vidt at landsmøtet i partiet i vår ikkje gjekk inn for å leggje ned heile direktoratet. Berre to stemmer overvekt, etter to avrøystingar og eit kraftig forsvar frå justisministeren, var det som hindra at statsråden vart pålagt nedlegging av eige parti.

Veksten i talet på tilsette i Politidirektoratet har vore formidabel. Då direktoratet vart oppretta i 2001 skulle det ta over arbeidsoppgåver frå dei knappe 100 tilsette i politiavdelinga i Justisdepartementet. Direktoratet skulle bli lite og effektivt.

Allereie i 2013 hadde direktoratet fått 215 tilsette, og no fire år etter har talet auka til 320. Politiavdelinga i departementet har framleis 58 på si lønningsliste. Dette må vere ei urovekkjande utvikling for fleire enn Framstegspartiet og justisminister Per Willy Amundsen.

Ei oversikt VG hadde tidlegare denne veka, syner at lønnsutgiftene i direktoratet har auka med nær 70 prosent på dei fire siste åra. 22 av leiarane der har ei årsinntekt på over 1,1 millionar kroner.

I debatten under Frp-landsmøtet i vår argumenterte justisministeren sterkt for at Politiet treng ei nasjonal styring. Parlamentarisk leiar Harald T. Nesvik var mellom dei som heller ville overføre oppgåvene til politidistrikta.

Her er justisministeren den som gjer det klokaste valet. Sentral styring og koordinering er viktig for å få ei god og heilskapleg polititeneste i heile landet, men det er mon i mindre. Her har vi eit døme på korleis byråkrati har ein tendens til å avle meir byråkrati. Det må takast effektive grep snarleg, og justisministeren må syte for at meir av ressursane blir flytta ut i distrikta og gir meir politi i operativ teneste.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!