Vi i Noregs Mållag er veldig glade for at i praktisk politikk den siste perioden, så har sidemålsordninga, mållova og støtta til nynorskorganisasjonar stått ved lag med blåblå regjering. Gjeldande regjeringsplattform slår fast at nynorskundervisninga bør bli meir engasjerande, og det er vi heilt samde i.

I programma før dette valet er det likevel ikkje alle parti som går inn for å halde på sidemålsordninga slik ho er, og det uroar oss. Høgre og Framstegspartiet seier at dei vil endre ordninga.

Cirka 85 prosent av norske elevar lærer nynorsk som skriftleg sidemål. Dersom det ikkje skal bli gitt opplæring og karakter og eksamen i å skrive eit språk, er det ikkje til å unngå at den samla skriftlege kompetansen på landsbasis i dette språket blir svekt. I områda der nynorsken er førstespråket, er rekrutteringa til stillingar innan utdanning, administrasjon og næringsliv avhengig av at det er ein generell kompetanse i skriftleg nynorsk hos dei som gjer ferdig 13 års grunnutdanning over heile landet.

På den positive sida har krava som Noregs Mållag retta inn mot valet, meir eller mindre fått gjennomslag hos dei fleste partia. Retten for ungdomsskuleelevar til å halde fram i nynorskklassar kjem opp i det nye Stortinget. Det kan òg bli fleirtal for å lovfeste ein rett for vaksne innvandrarar til å få lærebøkene på nynorsk om det er opplæringsmålet deira.

I tillegg til dette har vi godt håp om å sjå ei endring i regelverket slik at det blir sikra god nok kompetanse i nynorsk i lærarutdanninga og at styresmaktene legg til rette for at barnehagebarn får møte meir nynorsk i barnehagen.

Eg oppmodar alle som vil ha ein språkpolitikk som gir gode livsvilkår for det nynorske skriftspråket – det eg brukar å kalle «fagforeininga til dei norske dialektane» – til å studere partiprogramma på tema språk. På nettsida til Noregs Mållag har vi oversikt. Så håpar eg på eit godt val som styrker nynorsken slik at vi kjem nærmare reell språkleg likestilling i landet.

Magne Åsbrennleiar for Noregs Mållag