Foto: Privat

Arkitekt og professor Christian Norberg-Schulz (1926–2000) er internasjonalt kjend for sine mange bøker om arkitektur og arkitekturteori med fokus på byforming. For han var det overordna viktig at for å kunne utvikle/utvide ein eksisterande by eller tettstad på ein god og tilfredsstillande måte, må ein kjenne stadens identitet og karakter, stadens «genius loci».

Resultatet av ein innsats for å analysere stadens ”genius loci” er avhengig av at ein set seg inn i stadens geografiske forhold, historie, gateløp og trafikksystem, næringsliv, bygningstypar knytte til ulike funksjonar i næringsliv, bustader m.m. og korleis desse elementa har utgjort deler av bystrukturen i ein eventuell byplan og har sett sitt preg på framvoksteren av det totale bymiljøet, eller om byen har vakse fram utan ein fastlagd plan. Ein må vurdere om byen har fått ei form som har gitt staden ein identitet, ein karakter som er slik at den gir enkeltmennesket kjensle av å høyre til der. ”Genius loci” må ha kvalitetar som skaper trivsel for menneska, dei må finne verdiar som dei kan knyte til sin eigen identitet til i det miljøet dei bur i. Dersom byens karakter har ein slik dimensjon, bør den førast vidare når byen skal utvidast eller på ein eller annan måte t.d. skal moderniserast.

Når ein no er komen inn i ein fase der realisering av planen for utbygging av sørsida i Ålesund er i gang, bør ein stille spørsmålet: Kva er Ålesunds ”genius loci”? Kva kan seiast å vere Ålesunds karakter? Kva rolle har byens geografi, byforming, arkitektur og eventuelt andre monument spela i ulike deler av historia? Kva for element spelar ei rolle for byens karakter i dag?

Vi kan slå fast at Ålesund først og fremst er byen ved havet. Sjøen har gjennom historia vore den viktigaste geografiske faktoren for byen. Innbuarane fann opphavleg sine arbeidsplassar på hav og fjord. Med utgangspunkt i fiske og fangst skapte dei nye næringsvegar med foredling av råstoffet dei henta inn frå havet. Dei utvikla også andre industribedrifter knytte til yrke, t.d. skipsbygging, mekaniske og andre typar verkstader, handel m.m. Totalt har dette vore grunnleggjande deler av byens karakter og identitet.

Kva så med arkitekturen?

Den store bybrannen i Ålesund i januar 1904 førte til dramatiske endringar i bymiljøet. Gjenreisingsarkitekturen kom til å bli svært annleis enn trebygningane som blei totaløydelagde av brannen. Som eit resultat av Ålesundsbrannen blei Murtvanglova – som bygde på Bygningslova av 1896 – vedteken av Stortinget 19.05.1904, og gjort gjeldande for norske byar. Murtvanglova blei avgjerande for gjenreisinga av Ålesund, og murhus blei den vanlege hustypen innanfor eit avgrensa areal i sentrum. Trass i protestar frå eigarar av sjøbuer i Ålesund, blei det slått fast at lova galdt også desse husa. Den lovlege maksimumshøgda på alle hus blei sett til 15 meter. Ein del privathus og kombinasjonshus blei lågare. Det var ikkje berre materialbruken som blei ny.

Dei gjenreiste husa fekk også ei anna utforming. Dei blei bygde i ein annan stil enn dei gamle trehusa hadde hatt. Den nye arkitekturen kom difor til å vere med på å gje byen ein ny karakter, men tradisjonen med småskala dimensjon på husa blei vidareført i gjenreisinga. Det nye rådhuset på 11 etasjar, ei høgd på om lag 43 meter og stod ferdig kring 1980, var truleg den første bygningen som braut denne tradisjonen.

Alt i gjenreisingsperioden blei det ein del debatt om murbygningane mellom arkitektar og andre engasjerte i bygningskunst. Kritikken frå enkelte gjekk på at murbygningane hadde for få likskapstrekk. Nokre meinte at fleire huseigarar og arkitektar burde gå saman om å skape ein eigen norsk, nasjonal arkitektur og frigjere seg frå utanlandske stilpreg. Jamvel om mange av murhusa hadde norske, historiske eller aktuelle lokale element i dekoren, var den alt utbreidde Jugendstilen i høg grad nytta både i eksteriør og interiør. Trass i debatten med krav om eit norsk preg, kom Ålesund etter kvart til å bli omtala som Jugendbyen, ofte som Jugendbyen ved havet. Slik kom plasseringa av byen ved havet saman med Jugendstilen til å bli tungtvegande i vurdering av byens identitet og karakter slik vi oppfattar den i dag.

Av økonomiske årsaker blei gateløpa i brannstroket heller lite endra, men høgdeskilnader i terrenget blei utjamna og sentrale gater bygde noko breiare. Der var heller ikkje gjort særleg mykje for å skape nye større og opne plassrom i bykjernen, men tre sentrumsområde hadde framleis sine mindre plassar. Slik blei Apotekertorget med trappene ned til sundet plassen til Aspøya, Kiperviktorget blei Kipervika sin plass og i Skansen fekk St. Olavs plass ein tilsvarande funksjon. Parken som var etablert ved foten av Aksla mot slutten av 1800-talet, blei verande den viktigaste grøne lunga i bykjernen. Dermed fekk den overordna bystrukturen relativ stor likskap med den gamle.

I ettertid kan ein vurdere som eit sakn at Ålesund ikkje fekk ein større open plass under gjenreisingsperioden. Ein plass med utsikt til landskap, havglytt eller til andre deler av byen, ein plass som hadde grøntanlegg, benkar og monumentale skulpturar med tema frå lokalmiljøet som representerte staden dei var plasserte i, ville ha vore eit positivt innslag i den gjenreiste byen. Ein slik park kunne opplevast som integrert i omgivnadene og stå fram som ein harmonisk einskap. Den ville kunne gje byen ein tydlegare identitet. Den ville kunne styrke menneska si kjensle av å høyre til der.

Fleire kunstverk er i ettertida plasserte rundt i byen, og med den nye utbygginga på sørsida vil det etter planen kome fleire.

For å få eit inntrykk av planen for vidare utvikling, ser vi nærare på kva haldning til grunnleggjande spørsmål vi kan finne svar på i dokumentet ”Planbeskrivelse Ålesund sentrale sørside” (vinnarforslaget 13.01.15) av JAJA Architects. I målsettinga for utvikling/utbygging av den sørlege bykjernen av Ålesund står det:

«Planen skal styrke og videreføre Ålesunds særlige identitet og karakter, med utgangspunkt i den eksisterende bystruktur, jugendstil og særlige forhold til fjorden og havet.» (s. 7)

Og vidare same stad skal den nye reguleringsplanen:

«----styrke og utvikle kulturstrategi for Ålesund sentrum for å fastholde historisk identitet, skape mangfold og sammenheng. Strategien skal oppta eksisterende og nye kulturtilbud i en samlet plan avsett for kulturfunksjoner.»

Det er både lovande og interessant at planen legg vekt nettopp på byens identitet og karakter med nærleiken til sjø og hav. Viljen til å vidareutvikle poenget med tilgang til sjøen ved å byggje ut eit samband med sjø frå Brosundet til Borgundfjorden ved sørsida, er vesentleg for Ålesunds genius loci. Kartskissene i Planbeskrivelsen tydeleggjer at måten dette vil bli gjennomført på, vil kunne styrke identitetskjensla for innbuarane i byen. Her har byggherren eit ansvar for å følgje opp dei tydelege intensjonane for å vidareføre Ålesunds genius loci. Dette er eit vesentleg poeng vi kan lese meir om i den nemnde planen for Sørsida.

I det omfattande arbeidet med byutvikling som Ålesund no er inne i, treng byen ein byantikvar, jf. Trondheim og Bergen. Det gjeld ikkje minst at Ålesund er Jugendbyen i Noreg og bør vere det i framtida.