Vil ein ha tilgang til offentlege tenester, velferdstilbod, drive næringsverksemd eller arbeide i eit land, kan ein ikkje berre forlange at alle andre skal betale gildet. Skatteflukt er ikkje berre egoisme og grådigheit, men ofte alvorleg kriminalitet.

Igjen har vi fått innblikk i korleis folk og selskap skjuler formuar i skatteparadis. I avsløringa i såkalla «Paradise papers» fortel over 13 millionar filer og dokument frå advokatfirmaet Appleby litt om kor omfattande aktiviteten er frå enkelte for å unngå å bidra med sitt til fellesskapet.

Aftenposten har rekna ut at den norske velferdsstaten truleg går glipp av rundt 23 milliardar kroner årleg på grunn av denne typen skatteflukt. I tillegg kjem skattetap på grunn av svart arbeid og anna «innanlandsk» skattejuks.

Dette handlar altså ikkje berre om jus, slik nokre gjerne framstiller det: «Så lenge det er lovleg, er det greitt». Det handlar også om moral. Krev ein eit topp helsevesen, satsing på samferdsel, eit slagkraftig forsvar, eit effektivt byråkrati eller støtte til forsking og næringsutvikling, kan ein ikkje samstundes forsvare at ein sjølv skal bidra minst mogleg.

Er det lovlege smotthol, så må desse tettast. Strammare lovgiving, bilaterale avtalar og internasjonalt samarbeid må til. I tillegg må vi få ei lovgiving som sørgjer for ei rettferdig skattlegging av dei store internasjonale selskapa som no snor seg unna skatteplikta.

Norge har dei seinare åra inngått avtalar med ei rekkje såkalla skatteparadis som gjer det mindre trygt å vere skatteflyktning i dei tilfella det er snakk om meir alvorlege lovbrot. Dette arbeidet bør vidareførast. Samstundes bør vi slutte oss til EU sitt arbeid med ei svarteliste over skatteparadis.

I samarbeid med EU bør vi også sørgje for å tvinge multinasjonale selskap som Apple, Google og Facebook til å betale skatt av inntektene dei har her. Pengar bør skattleggast der dei er tent – også av omsynet til rettvis konkurranse.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!