Kronikk: Kommunereform

Slik bygger vi nye Ålesund kommune

Bybuss Arbeidet med å slå saman fem kommunar til nye Ålesund kommune er godt i gang, og Brattvåg (biletet) kan bli ein bydel i den nye bykommunen. Ei av sakene som det blir arbeidd med no, er å samordne gatenamn. Til dømes har både Ålesund sentrum og Brattvåg ei gate som heiter Storgata. Ei av dei må skifte namn.   Foto: Arkivfoto: Johan Behrentz

Sidan ingen har gjort denne jobben før i ein slik skala, må vi eksperimentere oss fram til gode løysingar

Meninger

Mads Solberg

Rådgjevar for politisk organisering og lokaldemokrati i nye Ålesund ANNE BENTE SKJELLUM Kommunikasjonsansvarleg i nye Ålesund

1. januar 2020 blir nye Ålesund den tredje største kommunen på Vestlandet, med rundt 65.000 innbyggarar.

Det er mange bitar i eit stort puslespel som no skal finne sin plass – frå samordning av tenestene kommunen leverer til innbyggarane, til utforming av nye politiske organ for dei folkevalde, og bygging av ein ny administrasjon. Det er ein uttalt ambisjon at tenestene skal vere politisk og administrativt styrt på eit vis som er påliteleg, ansvarleg, effektivt, og ikkje minst, borgarnært.

Sunnmørspostens Kristin Knudsen etterspør i sin kommentar 14. oktober invitasjon til innbyggarane om å vere med å bygge saman Haram, Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund til nye Ålesund kommune.

Nokre invitasjonar til dugnaden er allereie utsende; vi har først invitert dei folkevalde og dei tilsette. I løpet av dei neste månadane blir det sendt ut mange fleire invitasjonar, og innbyggarane, som kommunen trass alt er til for, blir særleg oppmoda om å engasjere seg i små og store spørsmål som må avklarast for at dette skal bli eit vellukka samliv.

Som lokalpressa har meldt, var det folkevalde i dei fem kommunane som først blei inviterte til å starte arbeidet, gjennom vedtak i Stortinget.

Basert på eit prinsipp om likeverd mellom partane, består fellesnemnda for nye Ålesund av tjuefem politikarar, fem frå kvar kommune.

Dei neste to åra fungerer fellesnemnda som eit «kommunestyre utan land», eit organ som skal fatte prinsipielle avgjerder i spørsmål som angår den nye kommunen.

Dei folkevalde medlemmane har fått tillit frå sine fem «gamle» kommunestyre til å vareta denne oppgåva på best mogleg vis. Fellesnemnda møtast ein gang i månaden, som eit vanleg kommunestyre og alle møta sendast direkte på nett.

Nokre av dei tilsette har også fått invitasjon til å vere med, og har planlagt og førebudd samanslåinga eit halvt års tid allereie. Kommunar er komplekse organisasjonar med mange tenesteområde, og arbeidet med samordning er difor koordinert av ei eigen prosjektgruppe underlagt den politiske leiinga.

Basert på erfaringar frå tidlegare kommunesamanslåingar elles i landet, begynte nye Ålesund med det administrative personellet. Neste år begynner arbeidet med tenesteområda som skule, sjukeheimar, barnehagar. Arbeidet blir gjort i samråd med fagfolk og brukarar. Til saman er rundt 6.000 tilsette involvert i fornyinga. Som mange lesarar har fått med seg, vil arbeidet bli leia av Astrid Eidsvik, når ho neste år tiltrer som prosjektleiar, og seinare rådmann for den nye kommunen.

Knudsen spør om nokon risikerer å miste jobben som følge av samanslåinga. Intensjonsavtalen for nye Ålesund legg premissane for arbeidet, både prinsipielt og reint praktisk.

Til dømes seier denne at ingen tilsette «skal seiast opp som ein direkte konsekvens av kommunereforma», og at tilsette skal få ei stilling i tilsvarande storleik og tidsperiode som er regulert i arbeidsavtalen deira. Det er lagt opp til at tillitsvalde og verneombod er tett involverte i prosessen. Innbyggarmedverknad står høgt på agendaen for den nye kommunen. I samarbeid med lokalpressa ønsker vi i tida framover, gjennom kronikkar som denne, informere om saker som innbyggarane må ta stilling til.

Ei av mange konkrete saker som prosjektet arbeider med no, er den kommande endringa av gatenamn i delar av den nye kommunen. Her ønsker vi hjelp frå innbyggarane. Stadnamn er sterke identitetsberarar, men diverre har rundt 40 vegar i dei fem kommunane likelydande namn.

Tydelege og forskjellige gatenamn er naudsynt for effektiv utrykking frå naudetatane, og for å unngå forvirring blant innbyggarar og besøkande. Tenk berre på konsekvensane dersom brannvesenet rykker ut til feil stad i nye Ålesund på grunn av namneforvirring!

Fellesnemnda for nye Ålesund kommune har gitt den einskilde kommune ansvaret for å arbeide fram nye namn til dei aktuelle gatene. Namnenemndene og bydelsutvala i kvar kommune skal difor gje informasjon til innbyggarane, samle innspel og kome med forslag til aktuelle namn innanfor rammene av dei nasjonale kriteria, slik at alle som ønsker kan få bli høyrd i denne saka.

Intensjonsavtalen for nye Ålesund legg også opp til ei ordning med kommunedelutval. Dette er eit nærdemokratiorgan som får mynde frå kommunestyret til å handsame enkelte saker som angår eit avgrensa geografisk område. Gamle Ålesund har ei ordning med bydelsutval, men det er brei politisk semje om at desse organa ikkje fungerer optimalt.

Kommunedelutvala i nye Ålesund må difor få eit nytt innhald, slik dei kan bli ein meiningsfull arena for engasjement i heile den nye kommunen. På nyåret skal dei folkevalde ta stilling til kva inndelingsprinsipp skal gjelde for utvala, kva mynde og budsjettansvar dei skal ha, kva oppgåver dei skal forvalte, og kva slags ny politikarrolle som skal ligge til grunn for desse nærdemokratiarenaene.

I dette arbeidet vil det bli ein serie med folkemøte i kvar av kommunane for å informere, samle innspel, kartlegge forventingar og drøfte korleis ei slik ordning best mogleg kan sikre medverknad mellom vala. Vi har håp om at alle som er opptatt av lokalmiljøa sine vil delta i dialogen.

For nye Ålesund er kommunereforma eit høve til å tenke nytt om samfunnskontrakten mellom borgarane, tenesteytarar og politisk og administrativ leiing. I arbeidet med ei av landets største kommunesamanslåingar, pløyast det ny mark.

Sidan ingen har gjort denne jobben før i ein slik skala, må vi eksperimentere oss fram til gode løysingar. For å vite om det vi vel blir vellukka, treng vi innbyggarar som fortel kva dei erfarer undervegs. Vår oppmoding er at de som innbyggarar takkar ja til invitasjonane som kjem i tida framover.

Desse blir sendt ut via lokalpressa, på kommunane sine etablerte nettstadar, via www.nyealesund.no (ei sentral kjelde til kva som skjer i prosjektarbeidet), og sosiale media (som Facebook-gruppa «Tilsette i nye Ålesund kommune»).

I mellomtida vil vi oppmode innbyggarane til å gjere seg meir lokalkjende i nye Ålesund; kva med å legge neste utflukt til ein stad du ikkje har vore før i den nye heimkommunen din?