Ålesund er jugendbyen. Ålesund har Jugendstilsenteret, og har no oppretta stilling som konsulent for jugendbygg. Og det kanskje beste av alt: Ålesund er omtala som Nordens jugendby.

Kvifor set stendig fleire turistar kursen for Ålesund? Jau, dei kjem for å bli kjend med jugendbyen. Kva er tema for foredrag for passasjerane om bord på dei fleire titals turistskipa som årleg stemner mot byen?

Bybrannen

Spiren stod etter bybrannen i 1904. Kanskje har ikkje alt av verdi for jugendstilen vorte teke godt nok vare på, og spesialistar er kanskje ikkje like nøgd med utviklinga sidan.

Det er heva røyster om manglande vedlikehald. Likevel får byen framleis – og kanskje meir enn før, smigrande omtale for sin bygningsmasse i jugendstil. Begeistringa er ikkje til å ta feil av. Utsynet over byen frå Fjellstua er like imponerande som før. Ein rusletur i bykjernen gir grunnlag for entusiastisk glede.

Har verdiar

Ålesund har verdiar som taler for ein framtidig status som verdsarvby. At kommunen meinte alvor med eit forsøk på å stette krava hos Unesco, utan å vinne fram, bør ikkje bli oppfatta som eit endeleg nei. Dette var for 30 år sidan. Den gong var berre fire norske kandidatar funne verdige ein plass på den prestisjetunge verdsarvlista, The World Heritage List:

• Bryggen i Bergen (1979)

• Utnes stavkyrkje (1979)

• Røros bergstad (1980)

• Bergkunsten i Alta (1985)

Sidan har fire følgt etter:

• Vegaøyane (2004)

• Struves meridianbue (2005)

• Geirangerfjorden og Nærøyfjorden (2005)

• Rjukan-Notodden industriarv (2015)

At kommunen, og for den del også staten, ikkje har gjort nye framstøyt for å få sentrumsområdet i Ålesund vurdert som aktuell kandidat, er ikkje lett å forstå. I lokale og nasjonale publikasjonar blir Ålesund omtala som jugendbyen. Det åleine burde vere garanti for byen sitt kandidatur. Om dette ikkje er tilfelle, kan det vere grunn til å stille spørsmålet om det er rett å omtale Ålesund som jugendbyen. Langt mindre Nordens jugendby.

Senter og konsulent

Kvifor har Ålesund så fått sitt Jugendstilsenter, og kommunen funne grunn til å opprette ei stilling som jugendbyggkonsulent? Eg berre spør.

Sidan verdsarvkonvensjonen vart grunnlagt i 1972, har 1073 objekt (namn) fått sin plass på The World Heritage List, fordelt på 167 statar. Frå Norden er eit 40-tals namn på lista, og altså åtte norske. Lista omfattar alt frå Galapagosøyane til Den kinesiske mur, Påskeøya, Stonehenge, Fridomsgudinna, kyrkjene i Lalibela, gamlebyen i Krakow, og kinesisk akupunkturtradisjon, mongolsk strupekunst og meksikansk mat.

At det blir lagt ned mykje prestisje for ein plass på lista, viser det faktum at den tids franske president, Nicolas Sarkozy, sleit tappert for få aksept for fransk gastronomi. Mindre aktivitet vart ikkje lagt ned for å presentere spansk flamencodans for Unesco-representantane. Arrangementet gjekk føre seg utandørs i den spanske hovudstaden Madrid med verdskjende aktørar på podiet.

Som OL-gull

Eg minnest godt då verdsarvprosjektet Geirangerfjorden med omland vart lansert på Stranda for kommunale og andre inviterte representantar:

«Å kome med på verdsarvlista er jamgodt med å ta gull i dei olympiske leikane». Påstanden hadde sin verknad; etter få år, og ein grundig jobb, vart søknaden signert. I 2005 gjekk han gjennom på Unesco-kongressen.

Strenge kriteria blir lagt til grunn for at ein søknad kan bli godkjent. Eg nemner kort:

• Kandidaten representerer eit meisterverk av menneskeleg kreativ genialitet.

• Byplanlegging.

• Framifrå eksempel på eit typisk byggverk.

For Ålesund vil neppe heile byen stå fram som kvalifisert kandidat, derimot bør den sentrale delen av bykjernen vere aktuell. Kommunen vil vere ansvarleg søkar, og vil kunne trekke til seg eksperthjelp for å hente inn den informasjonen som trengst. Miljøverndepartementet vil ha eit overordna ansvar, og i siste instans vere det organet som fremmar søknaden overfor Unesco.

Satse på ny

Mitt personlege ynske er at Ålesund finn verdi av å jobbe fram ein søknad om ein plass på The World Heritage List. At ein ikkje nådde fram med å presentere byen i 1987, altså for 30 år sidan, treng ikkje å bety det same som at ein formell og grundig gjennomarbeidd søknad blir stoppa av staten, før han blir sendt vidare.

Helge Søvik. Foto: Privat