Behovet for omstilling i dei maritime bedriftene er framleis stort. Det går ikkje lang tid mellom kvar gong vi les i media om bedrifter som må redusere bemanninga eller flytte ut verksemda til andre land på grunn av marknadssituasjonen og manglande lønsemd i drifta.

For å bidra til innovasjon og omstilling i norske maritime bedrifter har Staten etablert programmet MAROFF. MAROFF skal bidra til «styrket omstillingsevne og forbedret samspill og kunnskapsoverføring mellom FoU-miljø og næringen,» skriv Regjeringa.

I MAROFF-programmet vert det peika på moglegheitene som ligg i havnæringane, t.d. innan energiproduksjon for havvind, offshore havbruk, mineralutvinning på havbotnen, fiske på djupt vatn, havbiologi og nye miljøvennlege framdriftssystem for skip mv. Det hjelp lite med gode analysar når oppfølginga i form av løyvingar til omstillingstiltak ikkje står i stil med utfordringane.

«Det er eit enormt behov for midlar til innovasjon i næringa», uttalar Maritimt Forum Nordvest sin leiar Arnfinn Ingjerd, men det er berre tre av fire sterke prosjekt som kjem gjennom det tronge nålauget, ifølge forumet.

Slik stoppar utviklingsprosjekt opp, prosjekt som kunne gitt verdfulle arbeidsplassar. Løyvingane til MAROFF har i fleire år stått på staden kvil. I 2010 vart det avsett 154 millionar kroner i omstillingspotten, i 2016 var løyvinga 146 millionar. Rett nok kom det ei tilleggsløyving i 2017 på 65 millionar kroner, men det er svært mykje å ta igjen, så auken monnar relativt lite.

Næringa opplever at det ikkje manglar program og gode intensjonar. Problemet er at det er for små midlar til kvart enkelt program og at dei delvis stenger for kvarandre. Bedriftene som er innanfor i MAROFF, kan berre i avgrensa utstrekning søkje på dei andre programma. Også dei har små rammer.

Erna Solberg kom i valkampen med eit nytt prosjekt; DEMO2000 som skulle giå utvikle ny teknologi i maritim og marin næring. Potten ho la inn var 30 millionar. Gode intensjonar, men for veik satsing, var næringa sin dom.

Maritime næring ropar etter og treng program som heng betre saman og gjev kraftfulle svar på utfordringane. Maritimt Forum Nordvest tek til orde for eit nytt program, Brukarstyrt Innovasjonsarena (BIA) Hav. BIA-prosjekt er allereie i gang i andre sektorar og er FoU-prosjekt som tek utgangspunkt i bedriftene sine eigne strategiar. Forumet meiner at eit BIA-hav-program ville bidra til å skape nye arbeidsplassar i heile landet og kunne blitt ein viktig del av det grøne skiftet i havnæringane.

Vi har gjennom dei siste hundre åra sett at norske maritime bedrifter har vore i fremste rekke i omstilling og produktvikling på global basis. Røynslene som er vunne i utvikling av fiskeri- og petroleumsfarty og utstyr for havnæringane, vil vere det beste grunnlaget for å ta steget inn i den nye blågrøne framtida. Men då må bedriftene få dragehjelp til innovasjon frå det offentlege som monnar. SV vil vere med på det laget.