Eg sat og tenkte på dette med vegen gjennom Fyllingslia i går. Om vegen kjem so må det lagast tunnelar, nett som paddene i Austefjorden har fått. So kan turistane stoppe på ei lomme ein eller annan stad ved Heiåna og sjå på bygdefolka når dei ålar seg gjennom tunnelen på veg opp eller ned frå Frostatinden.

Eg stiller gjerne som modell for ei gigantisk statue av eit bygdefolk med caps frå Felleskjøpet og store kalvejagarar. Turistane kan klivre på statuen og verte fotografert medan dei pirkar meg i naseboren.

LES OGSÅ: Vestnes-ordførar om E39-trasé: – Betre trafikkflyt over ØrskogfjelletLES OGSÅ: Tidlegare Skodje-ordførar: – Eg skal vere den første til å legge meg i lenkegjeng

Skite på tome sylteglas

Eg er so inhabil, som ein kan vere, sidan vi har hytte i området der utbygginga er planlagt.

Reguleringa i dette området er so streng at vi nesten må skite på tome sylteglas og ta med heim om vi skal vere der. Og no, med eit pennestrok, skal vern av natur, rekreasjon, folkehelse, beiteområder, skogbruk og stillheit utraderast til fordel for tre minutt?

Vi skal vinne

Eg kjenner at dette skal eg faktisk vere med å kjempe imot. Det har vore harde kampar i Fyllingslia før. Sinnet, fortvilinga og engasjementet som no kjem vert nok fullt på høgde med folket sin dom over røvaren som budde i same lia ein gong tidleg på 1700 talet.

I vår tid er det ikkje oksepeisen som skal brukast, men med sylskarpe ord, krav om svar og klingande bjøller på dei med ansvar so skal vi vinne denne kampen også.