Vi ønskjer å kommentere varaordførar Geir Ove Leite i Skodje kommune sitt innlegg knytt til Statens vegvesen si innstilling om å bygge tunnel gjennom Svartløksområdet (Sunnmørsposten 21.1.18).

Det overraskar oss som innbyggjarar i Skodje kommune at varaordføraren har eit slikt einsidig fokus på ulempene som ein motorveg gjennom Svartløkområdet vil gi, vel og merke for dei som nyttar seg av dette turområdet.

Varaordføraren gløymer fullstendig dei store ulempene ein motorveg vil føre til for Skodje kommune sine innbyggjarar som bur i Solnørdalen og vidare mellom Dragsundet og Digernes. E39 er allereie i dag ei stor ulempe for innbyggjarane på Valle og Svorta.

Vi finn det også underleg at varaordføraren ikkje problematiserer ulempene motorvegen vil føre med seg for gardane i Solnørdalen, for skiløypa frå Brauta og for alle som går på Verahornet, Solnørfjellet/Liafjellet og dei andre flotte turmåla vi har i vår nærleik. Det er ikkje berre området langs Svartløkvatnet som er i bruk.

Vi syns det er svært trist at våre folkevalde ikkje bryr seg om korleis våre levevilkår vil vere i uoverskodeleg framtid. Vi syns det er underleg at dei vil arbeide for ei vegløysing som går gjennom bebygd område, og som gjer at vi og våre sambygdingar sin kvardag skal bli så forringa, berre fordi ein ønskjer å gå på ski utan trafikkstøy. Kvifor kan ikkje ein legge løypenettet slik at ein både kan ha ein veg der, og kan gå på ski. Det er trass alt ein svært liten del av kvardagen som går med til fritidsaktivitetar rundt Svartløkenområdet. Vi bur på Valle, og vi vil gjerne kunne vere i hagen eller sitje på verandaen utan trafikkstøy. Vi ønskjer å gå på tur langs gangvegen og kunne føre ein samtale.

Dette er ikkje mogleg i dag, vi må i så fall rope til kvarandre. Vi ønskjer å nytte vårt nærområde, både langs sjø, på sjø og i skog utan trafikkstøy. Det kan vel ikkje vere bra for folkehelsa at vi ikkje kan vere ute utan høg trafikkstøy?

Ein firefeltsveg kan føre til at hus blir rivne for å skape plass for vegen – slik det er i dag, er det ikkje plass. Eller kanskje det blir bygd motorveg over Igletjønna fram til Fella, med bru over Flåteholmen og vidare til Svorta. Skodjevika og Solnør er eit friluftsområde med regional bruksverdi, som då vil bli rasert. Det kan også vere at vegen blir lagt i tunnel frå Valle til Digernes. Kvar skal då tunnelen sitt innløp starte på Valle. Detaljane veit vi ikkje før det har blitt utarbeidd ein kommunedelplan. Det som er sikkert, er at ulempene vil gjere seg gjeldande allereie ved ei oppgradering av eksisterande veg til 90-sone med midtdelar.

Vi meiner at kommunestyrepolitikarane bør vere fornøgde med å ha kjempa seg til at vegen blir i tunnel langs Svartløkvatnet. No bør kreftene deira heller brukast til å arbeide for at færrast mogleg av innbyggarane sin kvardag skal bli påverka av ein firefelts motorveg.

Dei bør arbeide for at meir av motorvegen blir lagt i tunnel og at alternativ K3.2 med tunnel gjennom Nihusen blir deira føretrekte vegval.

Regine Bruteig Tonje Alstad Rikke Bruteig Skodje

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.