Samvits-tyranni

Sjå på denne plakaten på Narvesen: «Mellommåltider med god samvittighet». Og kva er så gale med dét? Litt chiafrø, litt havregraut, kan det vere gale, da? Tilsynelatande er det ikkje det.

Anonymt spør ungdommen meg: Korleis kan eg slanke meg raskt? Går det an å operere ut ribbein så ein ser tynnare ut?

Therese Utgård
Meninger

Det er det plakaten ikkje seier, som er det farlege her. Slik som det finst mat du får godt samvit av, fortel plakaten nemleg at det finst mat du må få dårleg samvit av.

Mat er ikkje berre mat lenger. Og eit måltid er ikkje berre eit måltid. Før du puttar noko i munnen, må du berekne. Kan eg ete dette – eller er det ulovleg? Har eg fortent dette – eller må eg ha dårleg samvit? Mat har blitt meir enn næring. Det er noko ein må ha kontroll over, føre rekneskap over.

Et du noko usunt, kan du bli feit. Då må du ha dårleg samvit, og «skamme» deg. Du veit det er meir kaloriar enn du treng, du kan bli tjukk. Og likevel gjorde du det.

Min påstand er at det er lite som gir oss menneske så mykje trøbbel som mat.

Usunt matstress

Men er det ikkje berre lurt, da, vil nokon innvende. Er det ikkje berre sunt at ein tenker over kva ein et?

Jo. Visst er det lurt. For det andre dei sel på Narvesen; sjokolade, pølser, cola, er usunt.

Men det er ganske usunt å stresse med det også. Det er ganske usunt med dårleg samvit, dårleg kroppsbilete, slanking, skadelege diettar, spiseforstyrringar og psykiske problem.

Ei undersøking har vist at 40 % av jenter på 14 år har prøvd å slanke seg. Berre ein liten del av dei er overvektige. Andre undersøkingar fortel at halvparten av 15 år gamle jenter er misnøgde med kroppen. Mange unge jenter tør ikkje ete frukt; dei trur det er feitande.

Dette stemmer godt med det eg opplev i jobben min som nettlege for ungdom. Anonymt spør ungdommen meg: Korleis kan eg slanke meg raskt? Går det an å operere ut ribbein så ein ser tynnare ut? Kor gammal må ein vere for å få ein kosmetisk operasjon, av rumpe, pupper, lår?

Og viss ein ikkje et, men berre drikk (vatn!), kor mange dagar går det før ein besvimer? Vil ein døy med det same?

Trist og rasande

Og så kjem denne plakaten, og fortel deg kva du skal ha lov til og ikkje. Saman med ein flaum av anna reklame, der alle dei kvinnelege modellane er tynne (undervektige!), blonde, langhåra kloningar. Dei ler og smiler fordi dei har i seg enten Skyr, lettbrus, lettsmør eller noko anna som er så lite kaloriar og feitt i, at ein ikkje treng å få dårleg samvit.

Alt dette gjer meg på same tid trist – og rasande! Eg blir så uendeleg trist på vegner av dei unge jentene, som trur at deira verd, og deira lukke, blir målt i kilo og utsjånad. Og eg blir rasande på eit samfunn, på media, reklamebransjen og på vaksne, som unnlét å fortelje ungdom sanninga.

Sanninga om at du ikkje blir lykkelegare av å vere tynn.

Av å ha den rette sminka, dei rette kleda. Du blir ikkje lykkelegare av stresse med å passe inn. Du kastar faktisk vekk mykje av livet ditt. Det er i beste fall ein omveg til lukka, til du kjem til den staden der du er fornøgd og lykkeleg med slik du er, med livet ditt.

I staden for kaloriar, sminke, vekt, å vere like tynn som (du trur) dei andre er, tenk på alt du kunne tenkt på om du ikkje hadde hatt dårleg samvit. Tenk på alt du kunne interessert deg for, alt du kunne gleda deg over, alle gode måltida du kunne ha nytt?

I 2018, med all vår vitskap og kunnskap, så er det frykteleg trist at vi reduserer mat til å vere berre kaloriar, kroppen berre til utsjånad og ikkje har meir rom for ulikskap.

8. mars er over for i år. Men for resten 2018 – og framover – så ønsker eg meg av heile mitt hjarte, unge og eldre kvinner som tør å ta plass, utforske livet, som tør å nyte og glede seg – med godt samvit!