No har Riksantikvaren, Giske kommune og til sist Fylkesmannen i Møre og Romsdal tillate riving av sendar-bygget.

I tillegg var Vigra kringkastar og Ålesund radio ein del av det einaste brukbare militære sambandet general Ruge hadde til våre allierte i London frå 11. til 15. april. Leiinga i NRK, NTB og Arbeidarpressa med fleire kom til Ålesund om kvelden 15. april for å kunne bruke Vigra som sin informasjonskanal. Sendaren var same dagen bomba av tyske fly. Dei slo seg saman med det lokale informasjonskontoret på Latinskulen i Ålesund.

Kåre Fostervoll som leia dette kontoret vart også leiar for «statens informasjonskontor i Ålesund». Han var frå Kristiansund og var rektor på Latinskulen og vart seinare både statsråd og kringkastingssjef. På grunn av denne historia opna kong Håkon 7. «den nye Vigra Kringkastar» (det rivingstrua sendar-bygget) i eit riksprogram på radio frå Løvenvold kino i Ålesund 12. april 1948

Telemuseet ville satse på sendar-bygget som museum, men Telenor vengeklipte Telemuseet i 2013, og frå 2018 er det ei avdeling av Teknisk museum i Oslo. Vigra Kringkastar er det einaste verneobjektet som står på Telenor sin verneplan i Møre og Romsdal fylke – utarbeidd av Telenor og Riksantikvaren. Etter at staten har selt seg ned til 54 % eigardel i Telenor, meiner Telenor at staten må dele på ansvaret for Telenor si historie.

Fiskeri var årsaka til at Vigra-sendaren vart ein av dei to nasjonale stor-sendarane i Norge i 1939. Dei gamle nasjonale stor-sendarane på Lamberseter i Oslo, Kløfta og Stavanger er borte. Vigra kringkastar er den einaste vi kan ta vare på. Den lengstlevande kringkastaren i Norge (75 år). Den einaste som har tatt aktivt del i heile den analoge kringkastingshistoria (AM- og FM-radio og TV). Denne historia er stort sett over etter at FM-nettet vart stoppa i 2017.

For reiseliv og historie knytt til Ålesund-området vil eit radiokommunikasjonsmuseum på Vigra kringkastar vere gull verdt.

Jon Hildre Vigra

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Jon Hildre. Foto: Helge Gloppen