Fylkesrådmannen har gått inn for å legge ned drifta av bokbåten Epos. Det blir mellom anna i saksutgreiinga vist til nye rollar for fylkesbiblioteket, og at bokbåten vanskeleg kan vidareførast slik vi kjenner han i dag.

Fylkesbiblioteket sin rolle er å vere ein regional utviklingsaktør, fylkesbiblioteket driv først og fremst med rådgiving og utviklingsarbeid og skal ikkje vere eit operativt bibliotek. Men det er andre måtar å drifte bokbåten på når det kjem til personalressurar. Kva med å lat eit operativt bibliotek, etter modell frå Hordaland, ha hovudansvaret for at båten kjem seg rundt? Kvifor ikkje tenke nytt rundt kven som skal vere om bord ? Ein kunne til dømes ha fått med bibliotekarar i heile Møre og Romsdal til å gå inn i ei vaktordning. Det ville ikkje ha skorta på interesserte!

Her er konkrete forslag til korleis ein kan vidareutvikle dette tilbodet med bokbåten fortsatt på vatnet:

• Ha debattar og folkemøte om bord! I biblioteklova står det at biblioteka skal vere offentlege debattarenaer. Ha dei på bokbåten! Det er ingenting som seier at desse kunne skal vere på bibliotek på land.

• Inviter folk i bygdene og grendene der bokbåten har stopp til å vere med på diskusjonar og debattar om deira eigen kvardag når bokbåten legg til land.

• Ha foredragshaldarar for vaksne med på turen. Det kan vere tema som reiseskildringar, foredrag om hagearbeid, politikk, historie, og så vidare.

• Få til litteraturformidling også for vaksne, det er viktig at born får dette, men vaksne har også glede av god litteratur, formidling og forfattarbesøk.

• Ver mindre oppteken av utlån. Utlån er mindre viktig enn besøk. Det er bruken som er viktig.

I Møre og Romsdal har ein nærmare 70 bokbåtstopp. Det er mange! Eg vil tru at i den kommunen det finst ei kai der finst det eit bokbåtstopp.

«Vi veit det er sterke kjensler knytt til bokbåten», seier fylkeskultursjef Wedlog-Olsen. Men kjensler skal ein ikkje kimse av! For denne gongen står dei ikkje i kontrast til fornuft. Det er kjensler og kjærleik til ein stad og ein teneste som bokbåten som gjer at folk vil bygge og bo, og sist men ikkje minst bli. Det er noko fylkeskommunen burde vere oppteken av, heimstadtilknytinga.

Bokbåten er eit middel, ikkje eit mål i seg sjølv. Men dette middelet har ein usedvanleg evne til å kome seg inn i dei minste grender og til dei trongaste fjordar der han er høgt elska og sett pris på. Der har han faktisk ingen konkurrentar.

Mariann SchjeideLeiar, Norsk Bibliotekforening

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Mariann Schjeide er leiar for Norsk Bibliotekforening. Foto: Norsk Bibliotekforening