I etterdønningane av Bygdepriden, er det òg på sin plass å takke Hans Reite. Utan Reite sin gamaltestamentlege argumentasjon rundt homofili, kan det hende Bygdepride ikkje hadde vorte ein realitet. Eg reknar meg som høveleg ugudeleg, agnostikar som eg er, men eg trådde mine barnesko både i Betel og i Frelsesarmeen. Fordømminga av homofile er ikkje nyhende for meg.

Det står mange kloke ord i Bibelen. Ikkje minst dei orda som Reite sitt førebilete Jesus kom med. Jesus sa mellom anna at han som er utan synd, lyt hive den første stein. Eg har nok å svare for sjølv. Då er det ikkje mi rolle her i verda å dømme andre menneske, eller korleis dei lever sitt liv. Å vere menneske er til tider vanskeleg nok for oss alle. Då treng vi ikkje legge stein til byrda til nesten vår.

Homorørsla

Det er til neste år femti år sidan starten på den moderne homorørsla. Transar og homsar i New York kjempa i junidagane 1969 tilbake mot politiet si trakassering og fengsling av dei ved Stonewall Inn. Nok var nok.

Førtini år seinare kan eg og mange med meg gå trygt i Bygdepride i Volda. Arven frå Stonewall må vi aldri gløyme. I 1972 var det ikkje lenger straffbart å vere homofil i Noreg, fire år før eg vart fødd. Homofili som psykiatrisk diagnose forsvann i 1977 i Noreg, då eg var eitt år. Diagnosen vart først tatt vekk frå WHO sin diagnosehandbok i 1990. Då var eg fjorten år og konfirmant.

Ikkje i mål

Så vi har kome langt. Men vi er ikkje i mål. I 2018 i Noreg blir framleis menneske trakassert for å vere homoar og transar. Homofile muslimar slit med dobbelt stigmatisering. Unge skeive, både homofile og transpersonar, slit med depresjon og sjølvmordstankar.

Når folk spør meg om kvifor vi skal gå i tog for å vere det vi er – så er det svaret: Vi går i tog for dei som ikkje kan. Som ikkje tør. For alle dei som må betale ein pris for å vere den dei er som ingen av oss skal akseptere. Difor går vi i tog.

I all mi glede over Bygdepride-suksessen i Volda fredag, er det desse eg i dag tenkjer på. Og eg vil seie til dei, tjueto år etter at eg sjølv kom ut av skapet: Du er fantastisk. Du har din plass her i verda. Og du skal aldri slutte med å vere den du er. Fordi verda treng det mangfaldet du kan gi den.

Det trur eg er essensen i Jesu ord og virke, om eg skal tolke hans ord om å elske nesten din som deg sjølv.

Hans Reite og fleire med han er sikkert usamd med meg i dette – men det lever eg godt med.