Eg ønsker meg gode bibliotek i nærmiljøet som også fungerer som ein møteplass for folk, som torget agora gjorde i det gamle Hellas. Det er ein plass du møter andre som bur i lokalsamfunnet ditt. Folk med ulik bakgrunn og utdanning, anna politisk tilhøyrigheit, ulik alder og kjønn, folk med eit totalt forskjellig livssyn frå deg. Store ting kan skje over ein kopp kaffi, eller i køa framføre utlånsautomaten.

Ved å ha slike nøytrale møteplassar der verdiane og haldningane dine vert utfordra eller støtta, blir samfunnet rikare og meir inkluderande. Det er enklare å forstå synspunktet til nokon du møter i levande live, enn nokon du diskuterer i kommentarfelt på nettet med, eller berre høyrer om på nyhenda. Alle lokalsamfunn treng slike møteplassar. Også dei aller minste.

Lokaldemokratiet er avhengig av at det informerte folket deltek i samfunnsdebatten. Biblioteket er viktig her; det gir informasjon og kyndig personell som kan hjelpe deg fram i informasjonsjungelen.

Eg ønsker meg liv og røre i biblioteka og eit variert og rikt tilbod, også folk i utkantstrok har krav på eit godt bibliotekstilbod. Her i Haram skal biblioteket ha gode løysingar for folket på øyane.

Eit tilbod som når ut til fleire

For 50 år sidan vart ein genial idé sett ut i livet. Noko som har kome øyane våre til gode gjennom mange år. Bokbåten Epos har sørga for mykje god kultur- og litteraturformidling. Den gode travaren gir gode kjensler hos folk på små stadar og dei gode minna er mange.

I eit tidlegare lesarinnlegg frå Mobilis, ei spesialgruppe i Norsk Bibliotekforening, blir det hevda at bokbåten Epos er ein garantist for at moderne bibliotekstilbod finst i utkantstrok. Det var nok rett for nokre år sidan. Eg vil hevde at bokbåt er ein garantist for at biblioteka i utkantstrok ikkje får sjansen til å utvikle seg i tråd med tida.

Store ressursar er bundne opp til drift av bokbåten. 1,4 millionar av kulturkronene i fylkeskommunen går til drift av bokbåten, i tillegg arbeidstid tilsvarande ei 70% stilling. Sannsynligvis nærmar totalkostnaden seg 2 millionar kroner. Eg er heilt sikker på at vi kan klare å lage eit tilbod som når ut til enda fleire og også folk i alle aldre, enn det bokbåten gjer i dag. Båten hadde 5.432 besøkande i fjor.

Midlar til å modernisere

Tenk kva vi kunne fått til om dei midlane vart brukt annleis. I Haram kommune har vi om lag 9.200 innbyggjarar. Det var 605 barn mellom 0 og 16 år som besøkte bokbåten frå vår kommune førre skuleår. Det er høgast besøk i fylket og tilsvarar ein kostnad på rundt rekna 220.000 kroner i året. Samtidig har Haram fem biblioteksfilialar, der tre av dei ligg på øyar. Alle desse får besøk av bokbåten to gongar per år, men har tilgang til bibliotek heile året. Eg tvilar ikkje på at barna og dei vaksne som var med, hadde ei fin oppleving og sette pris på både kulturinnslaget og boklånet i både vårturen og vintarturen.

Men, og det er eit stort men, hadde dei ikkje hatt større glede av at det skjedde meir på dei små filialane i løpet av året og at desse små biblioteka fekk midlar til å kunne modernisere tilbodet? No klarar vi ikkje å halde alle filialane godt nok oppdaterte til å gi folk det tilbodet vi ønsker å gi dei. Tilbodet barna har i det daglege påverkar forhaldet deira til litteratur og kultur mykje meir enn å oppleve ein tur eller fleire på bokbåten i løpet av oppveksten. Vi kan gi mykje betre tilbod til folk som bor i utkanten, barn og vaksne. Å få låne bøker to gongar per år er ikkje eit godt nok tilbod, sjølv på dei små plassane.

I biblioteket Lesestund med Lisa Alvestad Aarnes frå Haram folkebibliotek. Foto: Veronica Hjelseth

Bibliotekstasjonar

Det finst meir moderne og enkle løysingar for å få til betre tilbod året rundt. Eit konkret forslag er å opprette bibliotekstasjonar til dømes i tilknyting til den lokale butikken, eller eit anna naturleg samlingspunkt i bygda. Der kan det vere nokre hyller med oppdatert litteratur, som folk kan låne med seg sjølve. Samtidig må dei kunne bestille det dei ønsker og få det levert til bibliotekstasjonen. Teknologien er her. Dette er enkelt, rimelig og langt meir tilgjengelig. Tilboda må vere nært folk.

Det er ein verdi at folk bur i heile landet. Sjølv om vi no skal verte del av storkommunen Ålesund, så må vi klare å ikkje berre oppretthalde, men å utvikle bibliotekstilbodet i utkantstroka også. Vi må tore å satse for å skape nye gode tilbod i eit samfunn i stadig endring. Det kjem alle til gode. For å få dette til må vi vere villige til å ofre noko også.