Familien til kreftsjuke Thomas Dahl (18) skal få vurdert søknaden om omsorgsstønad på nytt, etter at saka vart kjent gjennom media. Det er bra. Som 15-åring fekk Thomas påvist hjernesvulst, og mor hans har vore ute av arbeidslivet dei tre siste åra for å gi sonen heildøgns omsorg heime. Pleiepengane tok slutt då Thomas vart 18 år, og familien vart avhengig av omsorgsstønad frå Giske kommune. Først fekk dei tildelt 15 timars omsorgslønn i månaden, som ville ha betydd ein halv time om dagen, og deretter vart stønaden utvida til to timar om dagen, som framleis er langt unna behovet.

Familien til Dahl skal ha ros og støtte for å ta påkjenninga med å kjempe kampen for meir rettferdig pårørandehjelp. Dei burde ha vore spart for dette. I april i fjor behandla Stortinget lovframlegg om styrka pårørandestøtte. I høyringsrunden var det fleire som tok til orde for å utarbeide nasjonale retningsliner for omsorgsstønad. Det vart mellom anna peika på at det er stor variasjon i korleis kommunane praktiserer omsorgslønn, og at dagens ordning er uforutsigbar og kan bli opplevd som urimeleg.

Helse- og omsorgsdepartementet gjekk likevel mot lovfesting av nivået på stønaden, mellom anna fordi dei meinte at det ville bli mindre fleksibelt for kommunane å innrette tenestetilbodet. Under første behandling i Stortinget fremja opposisjonen fleire framlegg om å utarbeide nasjonale retningsliner for omsorgsstønad, slik at det kunne bli ei meir rettferdig ordning over heile landet. Det er verdt å merke seg at regjeringspartia Høgre og Frp stemte samla mot desse forslaga. Når stortingsrepresentant for Frp, Sylvi Listhaug, besøker familien på Vigra og seier at ho vil kjempe deira sak, forventar vi at ho følgjer opp dette i praksis, i Stortinget.

Her finner du flere av Sunnmørspostens ledere!

Pårørande sparer kvart år det offentlege millionar av kroner i form av dyre institusjonsplassar. For å unngå at det er kommuneøkonomien som avgjer storleiken på omsorgsstønaden, er det behov for nasjonale retningsliner med ein statleg pott med pengar. Det blir for enkelt å skubbe alt ansvaret over på kommunane. Historia til familien på Vigra i Giske viser behovet for å vurdere ordninga på nytt.