Den 7. juni gjorde Stortinget vedtak om at den samla fylkeskommunen av Hordaland og Sogn og Fjordane skal heite «Vestland». Dette er naturlegvis eit nederlag for alle oss, både i og utanfor det nye fylket, som har uttalt oss sterkt kritisk til namnevalet. Men kanskje er det på tide å riste av oss det vestlandske nederlaget, og prøve å finne eit forsonande trekk ved utfallet?

Ei kulturpolitisk sak

Fylkesordførarane i dei to fylka har båe omtala utfallet som ein siger for lokaldemokratiet. Kanskje er det her vi kunne finne trøysta, som gode demokratar: Om vi er usamde i avgjerda, kan vi vel i det minste slå oss til ro med at vi har sett ekte lokaldemokrati finne stad framfor auga våre?

Vel ein å sjå lokaldemokrati som identisk med lokale fleirtalsvedtak, var det ikkje noko problem: Namneskiftet hadde nemleg solid fleirtal i båe fylkestinga. Men vi bør stille større krav til lokaldemokratiet.

Dette er ei kulturpolitisk sak som er definerande for identitet og tilhøyrsle for minst ein million menneske i og utanfor den nye fylket, og som er med på å endre språkbruken til heile nasjonen.

Vi burde kunne forvente ein grundig prosess, inkludert freistnader på å involvere innbyggjarane, og ei solid fagleg kvalitetssikring og lutring. Men denne store og varige endringa var ikkje eingong blitt tema ved lokalvalet i 2015. Vurdert i dette lyset, er det lite grunn til å juble over den lokaldemokratiske forankringa av «Vestland».

Frå fire fylke, til to

Då startskotet gjekk for regionreforma, vart alle fylkeskommunar inviterte til å ta «nabopraten». Dette var ei tid for politisk entreprenørskap, og ideen om ei politisk-administrativ samling av alle vestlandsfylka tok form. Som uttrykk for ein politisk visjon, var det heilt naturleg å knyte seg til vestlandsnamnet. Men visjonen stod seg ikkje i møtet med dei politiske realitetane.

Sjølv om fleire ivra for å involvere Møre og Romsdal, gjekk fylket aldri inn i reelle tingingar. Dei tre sørlegaste fylka gjekk vidare, og ein forhandla fram intensjonsplan låg klar 15.9.2016. «Fylkestinga går inn for at den nye regionen sitt namn blir Vestlandsregionen», heitte det her.

Men Rogaland hoppa av. Dei to som var att heldt så fram på eiga hand. Fire månader etter den førre avtala, låg ei ny klar. Og i løpet av desse fire månadene skjedde det verkeleg finurlege. At tre fylke var redusert til to, og at 1,1 millionar innbyggjarar var redusert til 630.000, var knapt til å merke i punktet som omtala fylkesnamnet: «Fylkestinga går inn for at den nye regionen sitt namn blir Vestlandet/Vestlandsregionen», heitte det i den nye intensjonsplanen av 17.1.2017.

Vende det dauve øyret til

Det var eit fascinerande skode: Ambisjonen om å samle Vestlandet som politisk og administrativ eining mislukkast. Men i staden for å ta konsekvensane, og innsjå at det som kom ut av prosessen var noko heilt anna enn det som var målet, oppstod ein heilt ny logikk: Medan tanken fyrst var at fylkeskommunar skulle slå seg saman for å realisere Vestlandet, var Vestlandet no identisk med dei fylkeskommunane som klarte å slå seg saman. Hordaland og Sogn og Fjordane la enkelt til grunn at dei no sat att med disposisjonsretten over namnet «Vestlandet». Og kva hadde dei naboane i nord og sør å klage over? «Dei hadde tilbodet, men dei ville jo ikkje vere med!»

Dei to fylkeskommunane vende enno det dauve øyret til alle dei til dels sterke innvendingane som kom frå ulike faglege autoritetar, med Språkrådet i spissen. Kva folket måtte ha å seie, ikkje minst den halvparten av alle vestlendingar som bur utanom grensene for dei to fylka, var heller ikkje så interessant.

Frå «Vestlandet» til «Vestland»

Det einaste som gjorde eit visst inntrykk på dei fylkeskommunale elitane i Bergen og på Hermansverk, var den harde kritikken frå politikarar i Rogaland og Møre og Romsdal. Etter eit møte i januar 2018, tok saka ei ny vending: Dei to fusjonsfylka modifiserte namnevalet, dei gjekk frå bestemt til ubestemt form, frå «Vestlandet» til «Vestland».

Logikken synest vere at dette på den eine sida var eit fundamentalt anna namn, eit slags kompromiss som burde tilfredsstille alle kritikarar – men på den andre sida grunnleggjande sett det same namnet, og iallfall ikkje ei endring som kravde folkeleg eller fagleg forankring. «

Vestland» er eit endå dårlegare alternativ enn «Vestlandet», og eit namn som vil skape meir forvirring enn oppklåring, var den eintydige dommen frå Språkrådet.

Eit nasjonalt ansvar

Fylkesnamna våre er eit nasjonalt ansvar. Når sentrale styresmakter i dette tilfellet delegerte det reelle avgjerdsmyndet til fylkeskommunane – og dessutan droppa kravet om å høyre både eigne innbyggjarar og naboane – så syntest det vere ut frå ei førestilling om at lokaldemokratiet eller sjølvstyret gjer jobben minst like godt som staten ville ha gjort. Men det har ikkje vore tilfelle her. Om staten ikkje hadde abdisert, ville den nye fylkeskommunen utan tvil ha fått eit namn som var langt sterkare kvalitetssikra, gjennom faglege vurderingar og ei brei og grundig høyring.

Så om namnet «Vestland» er ein siger for lokaldemokratiet, er det i alle høve ein siger med ein bitter bismak. Det lokaldemokratiet som har sigra, står som ein motsetnad til, og ikkje som ein føresetnad for kvalitet. Dette er alvorleg, for når kommunar og fylkeskommunar får ansvar for å handtere nasjonale oppgåver, er det ut frå forståinga av at dei evnar det same som staten, og tilfører avgjerdene kunnskap og legitimitet. Dette er spesielt viktig å hugse på i desse dagar, då fylkespolitikarane kjempar ein kamp om fleire oppgåver, om meir makt og ansvar.

Eit ekspertutval har føreslått overføring av ei lang rekkje oppgåver til fylkeskommunane, mellom anna det som til no har vore nasjonale kulturoppgåver. Skepsisen frå kulturlivet har vore stor. Og om vi vel å sjå prosessen kring namnesaka som ein fyrste prøvestein for korleis det nye «Vestland» evnar å handtere eit nasjonalt kulturpolitisk ansvar – er det då grunn til å tru at skepsisen vert mindre?

Foto: Leif Skaar