Likevel kan det vere ei utfordring å ta dette innover seg når det gjeld handteringa av små og store plager i eigne, og ikkje minst i barna våre sine, liv.

Vi kjem stadig i den situasjonen at vi ramler i den eine eller den andre grøfta når vi skal forstå og forklare helseplager hjå barn og ungdom (og for så vidt også vaksne) med det resultatet at vi ikkje kjem i posisjon til å hjelpe godt nok.

Fysisk, psykisk og sosialt

Psykosomatiske tilstandar er eit omgrep som vert nytta om vanskar som har kroppsleg uttrykk, men der medisinsk utgreiing ikkje har avdekt sjukdom. Døme kan vere utmatting, kroniske smerter, lammingar og krampetilstandar.

I ein del tilfelle er det både medisinske tilstandar og psykosomatiske plager på same tid. Eller det kan vere at det som starta som ein medisinsk tilstand, til dømes infeksjonssjukdom, får eit kronisk forløp med t.d. utmattelse og/eller smerter sjølv etter at infeksjonen er ute av kroppen.

Ved langvarige og alvorlege plager hjå barn og ungdom er erfaringane våre at både fysiske, psykiske og sosiale belastningar speler inn. Eg vil hevde at alle typar av belastningar kan uttrykke seg som kroppslege symptom men dette må ikkje forståast slik at plagene ikkje er reelle. Tvert om. Det er i aller høgste grad reelt for den som opplever det og kan gi betydeleg funksjonsnedsetting. Vanskar av psykosomatisk art kan ofte verte forverra dersom ein opplever å ikkje verte trudd, eller vert mistenkt for å «spele».

Konsekvens av kunnskap

Vi kan tenke annleis om korleis vi skal hjelpe dersom vi er opne for at andre faktorar enn dei reint kroppslege bidreg til å utløyse eller halde oppe sjukdom. Psykologiske og sosiale belastningar bør med andre ord ha ein like stor plass som organisk sjukdom i vår forståing når eit barn har det vanskeleg. Kjem vi tidleg nok inn med slik forståing trur eg vi vil hjelpe mange fleire barn og unge.

Skal vi vere i stand til å kome oss vekk frå fordommar og motstand mot at psyken speler ei viktig rolle i mange helseproblem, må vi ta konsekvensane av kunnskapen vår. Vi må medverke til å integrere kunnskapen inn i ei allmenn forståing av faktorane som påverkar helse vår.

Auka bevisstgjering

Vi må prate med barna våre om kropp og hovud. Når eit barn ikkje har energi til å gå på skulen bør det vere like sjølvsagt å utforske dei belastningane og meistringsstrategiane barnet (og familien) har som å sjekke om barnet har jernmangel eller anna somatisk sjukdom.

Både foreldre, andre vaksne og helsepersonell som møter barn, kan bidra til auka bevisstgjering for slike tema. Vi kan kome langt ved å tenke på korleis vi ordlegg oss og kva forklaringsmodellar vi bruker på eigne og andre sine plager. Orda vi vaksne nyttar når vi pratar om oss sjølve og andre som strever med helsa si vert fort plukka opp av dei små. Dette veit vi, men vi gløymer likevel å ta det på alvor.

Mangel på energi

Når skuledagen gjentatte gonger vert så vanskeleg at det verker i heile kroppen, er det ok å snakke om nettopp det og ikkje ty til forklaringar som «det må vere eit virus». Eller når det å flytte mellom mamma og pappa kvar andre veke gjer vondt både i armar og bein så er det heilt ok for eit barn å lære at slik er det mange andre som opplever det også.

Mangel på energi når ein skal gjennomføre arbeidsoppgåver som opplevast uoverkommeleg store kan vel mange kjenne seg att i, likevel gløymer vi at ei slik forklaring kan vere gjeldande også for barn og unge når dagen vert vanskeleg å handtere.

Mobbing, skilsmisse, sosiale vanskar, bekymringar og sorg er nokre av mange døme på belastningar som kjennast på kroppen for dei aller fleste som har stått i det. Kunnskap om slike samanhengar gjer problema lettare å forstå og lettare å handtere.

Auka stressnivå

Vi veit at stress og belastningar i livet har samanheng med dårleg helse, dette er både forskingsmiljø og vi som jobbar med menneske stor sett samde om. Vi veit også at det har vore ei kraftig auke i talet barn og unge med alvorlege samansette helseproblem siste åra og mange av oss set dette i samanheng med auka stressnivå.

Eg er ikkje av den oppfatning at vi skal fjerne all motstand for barna våre, eg trur barn treng stimulering og utfordringar for å vekse, men innanfor eit nivå der dei kan oppleve meistring. Vedvarande stress er derimot svært negativt for både kropp og hjerne, nokon går så langt som å kalle stress «gift for hjernen».

Skulder ved skulder

Born er små svampar som sug til seg kunnskap. Dei er i opne og fordomsfrie av natur og vil ofte akseptere det dei vert presentert for av sine vaksne rollemodellar utan større spørsmål. Dei vaksne sine haldningar til utfordringar i livet er difor så utruleg viktige, ikkje berre når det gjeld dette temaet, men generelt.

Når vi vaksne også kan bidra til å auke barnas kunnskap om samanheng mellom kropp, tankar og kjensler har eg tru på at dei vert betre utrusta til å handtere det når kroppen slår seg vrang.

Psykiatriske og medisinske fag nærmar seg stadig og ein gong der framme trur eg vi står stødige skulder ved skulder. Det ser eg fram til.

Foto: pressefoto