Men nei. Stortingsfleirtalet har bestemt at dei som bruker vegnettet skal betale bompengar. Dermed aukar transportkostnadane, noko som gir prisauke på alle varer og tenester. Kvar einaste spiker og fjøl i framtidige byggverk i vårt langstrakte land, vert dyrare.

Etter tiår med planlegging og debattar trudde vi at byggestart på nytt sjukehus i Molde nærma seg. Etter planen skulle ein innstille vinnaren av anbodskonkurransen 29. juni i år. Prosjektkostnadane er anslått til ca. 4,3 milliardar kroner, inkl. inventar og utstyr. For å få pengar til å starte bygging, har administrasjonen i helseføretaket lagt opp til eit kutt på 214 millionar kroner neste år, og ytterlegare 400 millionar fram til 2021.

Men tilboda vart dyrare enn antatt. Styret i Helse Møre og Romsdal valde derfor å avbryte anbodskonkurransen, og dermed vurderer no tilbydarane rettslege skritt og erstatningskrav.

Vi har i fleire tiår tent godt på oljeutvinning. Overskotet vert forvalta etter vedtekne retningslinjer (handlingsregelen). Statens pensjonsfond utland (Oljefondet) investerer stort i utanlandske aksjar. Då Siv Jensen vart finansminister i 2013, var verdien av Oljefondet om lag 4.700 milliardar kroner. Ved siste årsskifte var fondet sin verdi på ufattelege 8.488 milliardar kroner, men første kvartal i år gav verditap som svarar til 170 milliardar kroner. Auka uro i finansmarknaden gjer at ekspertar fryktar at det kan kome ein ytterlegare korreksjon på 30–40 prosent i fondet sin verdi.

Samtidig som staten kjøper aksjar i utlandet, kjøper Kinesarar og andre utlendingar seg opp i Norske bedrifter. Næringslivet er bekymra for at vi snart er leiglendingar i staden for bedriftseigarar. Det vert peika på at lokale eigarar er meir langsiktige, og villige til å bidra i lokalsamfunnet.

At Norge er eit lite land forstår vi når vi ser investeringar andre gjer i landa sine. I TV-serien «Heftige hotell», fekk vi nyleg sjå hotellet «Marina Bay Sands» i Singapore. Det 200 meter høge hotellet med 57 etasjar, har ein hage med eit gigantisk symjebasseng på toppen. Bassenget er like langt som tre OL-basseng. Hotellet har 2.500 rom, 60 restaurantar, butikkar, kinoar og 9.500 tilsette. Hotellet, som opna i 2010, kosta om lag 35 milliardar kroner. Investeringa vart gjort for å auke inntektene frå turisme.

Vi slit med å få bygge eit sjukehus til rundt fem milliardar. Eit sjukehus som pasientane treng, og som vi har venta på i årevis. Vi veit heller ikkje om Nordøyvegen som er budsjettert til under 4 milliardar, kan verte bygd no.

At kostnadar er større enn venta, fører til store medieoppslag og full stopp i prosjekta. I den samanheng saknar eg debatt rundt den særnorske handlingsregelen. Uro i verdsmarknaden, Trump og straffetoll. Bør ikkje investeringar i utlandet vente? Revurder handlingsregelen og bygg opp eige land, slik gründerane våre gjorde.

Staten må kome på bana slik at sjukehuset i Molde og Nordøyvegen vert bygde no, medan rentene er lave.