(For å beskytte guten er namn og skulenamn anonymisert. Sunnmørsposten kjenner til både namn og skule).

Denne reisa starta våren 2014 då vi fann ut at vi skulle flytte frå ein av nabokommunane til Ålesund. Sonen vår, som då skulle begynne i fjerde klasse, skulle få prøve seg på ny skule. Til då i skuleløpet hadde han ikkje hatt det så bra. Tanken var at situasjonen hans ikkje kunne verte noko verre uansett, så vi tok sjansen.

Den første telefonen til den nye skulen i Ålesund var nervøs og eg, «tigermammaen», var i full beredskap. Eg vart derimot møtt av ein inspektør som ikkje vart skremt av det eg fortalde om fungeringa til sonen min, ho sa heller «dette skal vi ordne». Eg prøvde å skremme ho litt til, men vart berre møtt med at dette skulle gå bra, «dette fikser vi». Eg tenkte nok då at «Jaja, dei får no sjå ...»

Nokre veker etter var det overføringsmøte og sonen min kom heim frå skulen og fortalde at han no hadde møtt nokre snille folk på skulen. Dei hadde til og med sagt at dei gledde seg til han skulle begynne på deira skule. Dette sa han med eit spørsmålsteikn bak og eg måtte seie at det var klart dei gledde seg over å få slik ein kjekk og snill gut på skulen sin. Det gjekk nok lengre tid før både eg og sonen min var overbevist, men vi hadde eit håp ...

Før skuleslutt i juni var vi innom på besøk fleire gonger. Guten min var på besøk inne i klassa og vart tatt imot og inkludert frå første stund. «Mamma, såg du? Det var så mange som ville sitte attmed meg at det ikkje vart plass til alle!»

Eg hadde vore oppe i administrasjonen og venta spent. Klassestyrar lurte på om eg ikkje skulle tatt meg ein spaweekend, ho såg nok dei høge skuldrene mine og den slitne «tigermammaen».

Stive skritt og høge skuldrer

Det å bli sett og forstått med oppriktig interesse, omtanke og engasjement har vore gjennomgåande desse åra.

Første skuledag i fjerde klasse var vi spente og guten min spurte fleire gonger om eg trudde dei kom til å huske han. Eg førebudde veslebror som skulle begynne i første klasse på at eg sikkert måtte vere ein del i lag med storebror også første skuledag.

Fjerdeklassingen kom til skuleplassen med stive skritt og høge skuldrer. Han vart likevel raskt sett og møtt av medelevar som drog han med seg. Det vart ikkje behov for å gå ifrå førsteklassingen. Etter enda skuledag var det ein fornøgd og stolt storebror som kunne fortelje at han hadde vore inne i klassa heile dagen.

Assistent var på plass frå første dag, og det var ikkje fire forskjellige assistentar som skulle følge han opp, men ei stødig, erfaren, klok og uredd voksen dame. Eg tenkte at det måtte vere det beste for guten min, men hadde stadig i tankane beskjed frå tidlegare skule om at «ingen orkar å ha denne oppgåva aleine».

Lurte på korleis det gjekk

Etter nokre veker kom det brev frå tidlegare klassekameratar som lurte på korleis det gjekk med sonen min. Han sende utfyllande, velskrive, svar til «gamleklassen». Han fortalde om den nye kvardagen sin, at han fekk lov til å vere inne i klassa heile tida, at han ikkje lenger hadde tid til «vaktmesteroppgåver» fordi han heller jobba med faga osv.

Setninga som har brent seg fast i minnet mitt er: «no er eg på den lyse sida».

Tida gjekk og det var sjølvsagt utfordringar, men den faglege og personlege utviklinga til guten min overskygga dei. Fokuset frå lærarar, assistent og administrasjon har heile tida vore på ressursane til eleven. Dei har sett «heile guten»: han som er flink å fortelje (ikkje han som pratar for mykje), han som treng pausar (ikkje han som stikk av og utagerer), han som gir klemmer og gode ord (ikkje han som er umoden, klengete og ukritisk).

BUP tok feil

Etter kvart tok klassestyrar opp at ho ønskte ny vurdering frå PPT. Den faglege utviklinga gjekk så fort at vi begynte å lure på om BUP hadde teke feil i si utgreiing eitt år tidlegare der dei konkluderte med «på grensa til lett psykisk utviklingshemming».

Det viste seg at BUP hadde tatt feil, guten hadde no normale kognitive evner. Eg trur dette kjem av at han opplevde tryggleik frå dei vaksne han møtte, føreseielegheit i skulekvardagen, tydelege forventningar og krav, tilrettelegging i samsvar med sine behov osv.

Dette gjorde at han kunne vise sitt potensial og prestere ut frå sine føresetnader og evner.

Frå å sjå for seg ein gut som ville vere avhengig av hjelp resten av livet, hadde vi no ein gut som kunne verte eit sjølvstendig individ med jobb, bustad og nettverk. Alt dette i løpet av eitt år ved den nye skulen! Eg veit ikkje om eg klarer å beskrive kva slags forskjell dette har vore for oss foreldre og for guten sjølv.

I alle samarbeidsmøte har eg felt tårer. Det har ikkje vore sinte eller triste tårer, men letta og takknemlege tårer. Fleire gonger har eg fått spørsmålet «ser vi same guten no?, er du einig i det vi beskriv, mor?» Å ha ein slik open og ærlig dialog er avgjerande for eit godt samarbeid mellom skule og heim.

Tatt på alvor

Eg er ikkje lenger «tigermamma» med klørne ute: Vi har sett den same guten. Eg sit igjen med ei kjensle av å ha blitt tatt på alvor, ikkje blitt mistenkeleggjort i forhold til omsorgsevner eller foreldreutøvinga i heimen.

Sonen min har framleis utfordringar og stort behov for tilrettelegging. No er vi likevel trygge på at han har hatt det godt på skulen. Han har blitt greia ut på nytt og bildet av guten er meir heilheitlig og i tråd med det vi foreldre ser og opplever.

Tusen takk til alle involverte for måten de har tatt imot oss på, måten de har tatt vare på guten vår på, tålmodigheita, utholdenheita, omsorga og, ikkje minst, den profesjonaliteten de har i alt de gjer. Eg er sikker på at de har hatt krevjande, frustrerande og tunge dagar innimellom, men eg håper og trur at de kan sjå tilbake på desse åra med smil og glede over vel utført jobb.

Vi sit igjen med gode minner og håp for framtida, noko som ikkje hadde vore om det ikkje var for dykk.

Eg håpar og trur at de vil fortsette å møte foreldre og «umulige barn» på den måten de har gjort med oss.

Dåkke e gullegode!

Med helsing «tigermammaen» med familie.