Eg er ein av dei få som ikkje får jobb. Den mest sannsynlege grunnen er at eg har eit stort hol i CV-en. Eit hol i CV-en gjer det veldig vanskeleg å kome inn på arbeidsmarknaden. Eg har sendt inn over 100 jobbsøknader, stort sett utan å få så mykje som eit svar.

Eg synest det er diskriminerande at dei med hol i CV-en ikkje får kome inn på arbeidsmarknaden, eller har ein langt vanskelegare veg for å kome inn på arbeidsmarknaden enn andre. For samfunnet er dette uheldig fordi samfunnet mister viktig arbeidskraft. Ein stenger på ein måte ute ein del av arbeidsstokken.

Eg trur at dei som har hol i CV-en har eit like stort potensial til å gjere ein god jobb som dei som ikkje har hol i CV-en. Eg synest i alle høve at arbeidsgjevarar burde bli flinkare til å svare når dei får jobbsøknader.

NAV spelar ei viktig rolle i å få dei som har hol i CV-en inn på arbeidsmarknaden. Arbeidstrening er eit viktig tiltak, og det er veldig positivt at enkelte arbeidsgjevarar tek inn folk på arbeidstrening. Likevel er det ikkje sikkert at det resulterer i lønna arbeid.

Tidlegare var det ikkje noko problem for meg å få jobb. Eg fekk både sommarjobb, deltidsjobb, og fulltidsjobb. No er det nesten heilt umogleg, eg får ikkje sommarjobb eingong.

I løpet av dei over 100 jobbsøknadene eg har sendt har eg vore på berre tre intervju.

Eg veit at det er mange andre der ute med hol i CV-en som også slit med å kome inn på arbeidsmarknaden. Det som er faren med å ikkje ta inn folk med hol i CV-en til jobbar er at ein skaper ei underklasse av menneske som blir låst fast i ein situasjon der dei ikkje får jobb. Dette vil igjen auke forskjellane mellom folk, noko som ikkje er bra i det lange løp.

Det er viktig at NAV hjelper folk med å kome i arbeidstrening, og at folk kan gå på jobbsøkerkurs hos NAV. Det er også veldig viktig at NAV kan hjelpe folk med å kome i arbeid meir direkte.

Til sjuande og sist er det arbeidsgjevarar som må endre haldning i forhold til å ta inn folk med hol i CV-en. NAV og andre aktørar som f.eks. Pøbelprosjektet kan ikkje gjere mykje, viss ikkje arbeidsgjevarar byrjar å ta inn fleire folk med hol i CV-en til å jobbe hos seg.

Eg forstår at dette kan vere vanskeleg for arbeidsgjevarar, men med tilrettelegging, grundig opplæring og ein plan så trur eg det kan gå bra.

Eit anna tiltak som kan gjere det lettare for folk med hol i CV-en å kome inn på arbeidsmarknaden er auka kompetanse. Folk med hol i CV-en kan ta meir utdanning og kurs som kan gjere dei meir attraktive på arbeidsmarknaden.

Eg oppmodar arbeidsgjevarar til å ta inn fleire som har hol i CV-en til jobb hos seg. Det er uetisk at det skapast ei underklasse med folk som har hol i CV-en som ikkje kjem seg inn på arbeidsmarknaden. Her må både NAV, arbeidsgjevarar, arbeidsmarknadsaktørar, og dei med hol i CV-en sjølve gjere tiltak for å hindre ei slik utvikling.