Og du skal vere bra ressurssterk for å vere ressurssvak, heiter det.

Begge desse ordtaka har vi i kommunikasjon med Sula kommune  erfart som den reine og skjære sanninga.

Eit utgangspunkt i livet

Margrethe er ei voksen dame som budde heime på Eikrem hos mor si, til ho sjølv var over seksti år. I denne tida arbeidde ho som reinhaldar til ho grunna ein alvorleg sjukdomsdiagnose måtte gje seg før vanleg pensjonsalder.

Ho hadde eit utgangspunkt i livet som gjer at ho er avhengig av jamn og tett oppfølging på mange av dei områda vi andre tek for gitt. Då mor hennar døydde, vart det naudsynt at kommunen la til rette for bustad og oppfølging i kvardagen, både grunna helsesituasjon og ei rekke sider ved kvardagslivet.

Mange av oss hugsar den litterære skikkelsen Mattis til Tarjei Vesaas, som ikkje var som alle andre og fekk svi for det. Eg skal garantere at bygda tok betre vare på han enn Sula kommune har teke vare på denne tandre dama. Men Margrethe sitt liv er ekte røyndom.

Sidan 2011, då ho måtte flytte frå barndomsheimen sin, har pårørande kjempa for at ho skal få god oppfølging frå Sula kommune. Råda har ikkje blitt teke omsyn til, og ønsket om dialog og samarbeid har blitt enten ignorert eller avvist. Fyrst etter trussel om klage til fylkesmannen fekk ho innvilga omsorgsbustad, som ho sjølv betaler husleige for.

Fekk blodpropp

Det tok verkeleg til å rakne i 2016, då Margrethe fekk påvist ulækjeleg sjukdom, noko kommunen fekk melding om. Berre nokre veker etter påvisinga vart Margrethe funnen på sofaen i omsorgsbustaden sin i svært dårleg forfatning. Ho hadde fått blodpropp i ein fot og hadde ikkje klart å stelle seg på fleire dagar. Kommunen hadde ikkje teke omsyn til faglege råd frå fastlege og psykolog, ikkje lagd ein oppfølgingsplan, og ikkje engasjert seg i utfordringane hennar i kvardagen med omsyn til matlaging, personleg stell og helsesituasjon.

Omsorgsbustaden ho fyrst fekk tildelt vart ho flytta frå, fordi ein av naboane gjorde miljøet utrygt. Dette var ho med på, og tykte at det var greitt å kome i ny bustad. Her kom ho seg etter kvart til rette, til trass for at det var ei stor omstilling i ein situasjon med kronisk sjukdom.

Fysisk angripen

Dette gjekk bra til det brått gjekk svært dårleg. Ho vart i februar 2017 fysisk angripen av ein ny nabo. Han hadde då ein person til å fylgje seg opp til ei kvar tid. Denne oppfølginga var so dårleg at han klarte å angripe Margrethe. Ho var slått fleire gonger. Familien vart ikkje varsla, og ho fekk heller ikkje medisinsk oppfølging. Då dei pårørande fekk vite dette, vart saka prompte klaga inn til fylkesmannen, som utførte tilsynssak mot kommunen. Fylkesmannen konkluderte med at kommunen hadde brote «kravet om forsvarlighet i helsepersonelloven.» Kommunen fekk frist til 29.11.2017 med å lage ein plan for å unngå slike hendingar i framtida.

Medan prosessen med fylkesmannen held fram, vert Margrethe angripen av den utagerande naboen igjen, og mellom anna sparka i foten der ho hadde hatt blodpropp. Dette til trass for at oppfølginga hans var styrka med ein person. Heller ikkje denne gongen fekk ho oppfølging av personale. Det nyttar ikkje om det er ti personar som følgjer opp, om dei ikkje følgjer med.

Skulle lage tiltaksplan

Etter fleire utsetjingar fekk kommunen frist til den 8. juni med å lage ein tiltaksplan. Kvelden før vert syster til Margrethe ringt opp på telefonen av helse- og sosialsjef i kommunen, Kjetil Fylling.

I denne samtalen hadde Fylling eitt fokus: å flytte Margrethe til ein annan bustad. Han ville få dei pårørande på same lag og etterlyste samarbeid. Det er rimeleg ironisk, etter at dei pårørande har etterlyst samarbeid, med side opp og side ned med korrespondanse, og tallause telefonar over mange år. Det er ikkje samarbeid å gå saman om å tvangsflytte eit valdsoffer.

Dette var ikkje det einaste sjokket. Syster til Margrethe oppmoda Fylling om å lese sakspapira for å få ei betre forståing av Margrethe sin situasjon, men svaret var at «det hadde han ikkje tid til». Ein helse- og sosialsjef som ikkje har tid til å setje seg inn i hendingane som har ført dei fram til ei tilsynssak er ein ganske alvorleg situasjon i seg sjølv, som det ikkje er råd å kommentere vidare utan å bli ufin.

Pårørande har derimot tid til å lese papir, og bryr seg om Margrethe sin livskvalitet og helse. Til dømes har dei lest slike utsegn om den valdelege naboen: «Bruker sier plutselig at det er gitt en beskjed om at det ville være spennende og tøft å slå til nabo. På spørsmål om hvem som har kommen med denne beskjeden, svarer bruker at det var det «verdens folk» som hadde gjort. På oppfølgings spørsmålet (sic) frå underteikna om kor «verdens folk» befant seg, svarte bruker at de befant seg inn i hodet til bruker».

Bebuaren som ved fleire høve har utsett Margrethe for vald har ikkje vist anger eller sjølvinnsikt. Kommunen avviser å flytte på han. I staden vil kommunen flytte ei kreftsjuk og aldrande dame som treng å bruke dagane på heilt andre ting.

Manglande etikk

Kommunen nektar å flytte på ein valdeleg bebuar, og dei evner ikkje å fylgje opp eigne tryggingstiltak der han bor. Dei vil heller ikkje svare fylkesmannen på kvifor dei ikkje kan flytte han til tryggare omgjevnader. Han det gjeld, vil nok tykkje at det er «spennende og tøft å slå til» den nye naboen og. Dette er og ei innvending som kommunen fekk frå fylkesmannen, som dei anten ikkje vil eller kan svare på. Det er kanskje vurdert som lettare å tvinge ei eldre, ufarleg og sjuk dame, enn å flytte på ein utagerande og uføreseieleg sterk mannsperson. I skrivande stund er det 18 månader sidan fyrste valdshending mot Margrethe, utan at Sula kommune har gjort varige gode endringar i si oppfølging av henne.

I 2013 vann kommunen ein etikkpris for eit «systematisk praktisk etikkarbeid med mål om å styrke brukerens opplevelse av at helse- og omsorgstjenestene ivaretar deira verdigheit og integritet». Ting kan tyde på at dei slutta med etikkarbeid etter dette. Dei pårørande til ein som er avhengig av kommunen sine omsorgstenester har berre opplevd konsekvensane av manglande etikk, og at ein som valdsoffer blir straffa med tvang og flytting. Skammeleg, krenkande og uverdig er det.