Er du usamd med Bjørnson i at «fred er ei det beste, men at man noget vil»? Skal vi la vere å drøfte nye løysingar for ikkje å dra i forskjellige retningar?

Du spør: «Hvem vil komme tilbake til et fylke full av kranglefanter som nekter å gi seg selv om toget er gått?» Sett frå ei anna side: Kven vil kome tilbake til eit fylke full av kranglefantar som hevdar at toget er gått for å sleppe å revurdere ei særdeles viktig og ressurskrevjande sak, t.d. aksesaka? Meiner du toget er gått i aksesaka?

I så fall: Kvifor har du deltatt i den offentlege aksedebatten med støtte til Møreaksen? Meiner du det er betre med ei rask løysing enn ei god løysing? I mine auge fremjar du eit fleirtalsdiktatur med konsensus som mål snarare enn eit levande demokrati ved din måte å argumentere på og stemple folk som kranglefantar.

Å hevde at vi må «legge fortiden bak oss» når utsegna blir kopla til aktuelle saker er ein typisk hersketeknikk for å prøve å hindre nytenking og nye idear som veks fram, t.d. som eit resultat av ny teknologi, og altså ikkje berre ein omkamp for omkampen sin eigen skuld.

Tidspunktet for når det er på tide å avslutte ei sak, er når saka er irreversibel. Berre på denne måten sikrar vi at vi får den beste løysinga som var tilgjengeleg på det aktuelle tidspunktet, og berre då kan vi seie at vi gjekk i rett retning.

Kanskje skulle NHO Møre og Romsdal sjå på aksesaka med nye briller?